Du blir ein del av ei gruppe på 17 personar, som alle ynskjer koma tilbake til arbeidslivet eller i utdanning. Me har dagsprogram mellom klokka 08:00 og 15:30. Du kan delta på fritidsaktivitetar om kveldane og i helgene. Dette vil gje deg erfaring med å etablere gode rutinar for dagleg aktivitet, kosthald og døgnrytme. Du deltar på kurs og får opplæring om korleis du kan meistre arbeidslivet og handtere daglege utfordringar. Me vil hjelpe deg med å legge planar for framtida og gi deg meistringstru slik at du sjølv kan få til ei varig og god endring.