Målet med rehabiliteringa er å bidra til auka funksjon og livskvalitet.
Du blir del av ei gruppe på opptil 18 personar med liknande helseutfordringar, som ynskjer og er motiverte for rehabilitering og endring. Programmet er basert på kognitiv tilnærming, aktivitetsregulering og tilpassa trening.
Me ser CFS/ME-tilstanden i eit heilskapleg perspektiv. Er interesserte i samspelet mellom biologiske, psykiske og sosiale faktorar. Tek utgangspunkt i dine ressursar og moglegheiter. I Rauland får du eit dagsprogram mellom kl. 08.00 og 15.30. Du kan delta i fritidsaktivitetar om kveldane og i helgene. Dette vil gi deg erfaring med å etablere gode rutinar for dagleg aktivitet, kosthald og døgnrytme.
Me vil hjelpe deg med å legge planar for framtida og gje deg meistringstru, slik at du sjølv kan få til ei varig og god endring.
I programmet er det fysisk aktivitet, undervisingar, temagrupper, avspenning, turar og samtaler. Du får opplæring og trening i korleis du kan meistre livet og handtere daglege utfordringar.
Du kan lese ei meir detaljert omtale her.