Vedum besøkte AiR: - Eit klart signal til Helse Sør-Øst
Få dagar etter han varsla auka innsats mot ungt utanforskap i arbeidslivet, rulla finansministeren Trygve Slagsvold Vedum (Sp) inn på tunet til AiR – for å lære.
– Viss eit opphald som dette kan gjera at du går frå å vera motlaus, sjukmeld og kanskje på veg inn i AAP, til at du kan koma tilbake i jobb – så er det bra for samfunnet, og ikkje minst for dei som kjem seg tilbake i aktivitet.
Ein times tid seinare rulla hans svarte regjeringsbil inn på tunet i Rauland, der han vart møtt av AiR-direktør Tarjei Helle.
AiR har verktøya Regjeringa treng
Å få unge uføre og folk på sjukeløn over i arbeid blir ei hovudsatsing fram mot valet, varsla finansminister Trygve Slagsvold Vedum i Klassekampen forrige veke.
Det må eksperimenterast med korleis ein kan få unge vaksne inn i arbeidslivet, følgde statsminister Jonas Gahr Støre opp.
Og få dagar seinare kom altså Vedum til AiR.
Finansministeren og hans følge blei tatt med på ein runde gjennom det store anlegget, før dei stoppa hos ei gruppe i aktivitet.
Vedum slo av ein prat med ein av dei unge deltakarane som fortalde både litt om bakgrunnen sin og om forventningane om å kome tilbake til arbeid.
– Den jobben AiR i Rauland gjer er viktig. Den type rehabilitering handlar om å gi folk betre liv, og er eit viktig bidrag for at fleire unge kan koma eller halde seg i jobb, sa ein imponert finansminister etter besøket.
– Å få finansministeren på besøk er ikkje kvardagskost, men det er til stor inspirasjon for det arbeidet vi gjer her, sa direktør Tarjei Urup Helle etter besøket.
– Å få fleire i arbeid er ein av dei største samfunnsmessige utfordringane vi står framfor. Det er også viktig for den einskilde å få den helsehjelpa dei har krav på til riktig tid. Det ser vi lysare på no, seier direktøren vidare.
Viktig og riktig
Den siste tida har regjeringspartia gjort ein solid jobb i arbeidet med helse- og samhandlingsplanen.
Dei har gitt Helse Sør-Øst tydeleg marsjordre ved å seie at arbeidsretta rehabilitering skal styrkast.
– Regjeringa set no inn ein ekstra innsats for å få redusert utanforskapen, særleg blant unge. Difor var det viktig og riktig at finansministeren tok turen til AiR i dag for å lære meir om kva arbeidsretta rehabilitering kan bidra med, seier Åslaug Sem-Jacobsen
Ho er stortingsrepresentant frå Sp og var vert for Vedums reise i Telemark.
– Eg meiner også at ministerbesøket sender eit klart signal til Helse Sør-Øst om kor viktig regjeringspartia meiner slike heilheitleg helse- og arbeidstilbod som AiR leverer er, avsluttar ho.
Besøket blei avslutta med eit møte der mellom anna arbeidsretta rehabilitering mot utanforskap sto på dagsoden.