Seinkarriere

  • Fem dagars motivasjonsopphald for tilsette
  • Kvar enkelt lagar ein plan for å stå lenge i arbeid
  • Målet er å gje motiverte og ambisiøse tilsette 

Kurs for tilsette som ynskjer å stå lenge i arbeid

Seinkarriere er eit fem dagars motivasjonsopphald for tilsette som ynskjer å stå lenge i arbeid, og som kan ha nytte av å auke motivasjon, tru på eigne ressursar og tru på å kunne stå fleire år i arbeidslivet.

Rauland i Telemark

18.–22. juni 2025

Kurset passar for tilsette som er seint i karriera, som du som arbeidsgjevar ynskjer å behalde lenge i arbeid.

Frist: 30. mai

For arbeidsgjevarar er ambisjonen vår at kurset skal gje: 

  • motiverte arbeidstakarar
  • færre arbeidstakarar som vel å gå tidleg av med pensjon
  • redusert sjukefråvær

 

For tilsette er ambisjonen vår at kurset skal gje:

  • ein konkret plan for eigen seinkarriere
  • auka arbeidsmotivasjon og tru på eigne ressursar
  • verktøy for å ivareta eigen fysisk og mental helse
  • meistringsopplevingar og inspirasjon til aktivitetar som kan vidareførast heime
  •  innsikt i moglegheitene for å stå lenge i arbeid, og kva fordelar som følgjer med

Øktene i kurset rettar fokus mot korleis tilsette kan skape seg interessante og meiningsfulle år vidare i arbeidslivet.

Kurset gjev den tilsette innsikt i

  • kva han eller ho treng for å bli verande lenge i arbeid
  • aktive grep han eller ho kan ta for å gjera langvarig arbeidsdeltaking mogleg
  • gevinstar for helse og livskvalitet ved å stå lenge i arbeid
  • pensjonsgevinstar ved å stå lenge i arbeid
  • korleis ivareta fysisk og mental helse
  • den aktive rolla han eller ho kan spela i eige liv og arbeidsliv

 

Varierte økter

  • undervisning, diskusjon og refleksjon
  • fysisk aktivitet
  • friluftsturar
  • kreative aktivitetar
  • gruppeaktivitetar som gjev erfaringsdeling, gjenkjenning, forståing, støtte og mykje humor

 

Vår erfaring er at korleis ein fungerer på arbeid, heng tett saman med både helse og livssituasjonen. Kurset har ei tverrfagleg og heilskapleg tilnærming til korleis kvar enkelt sjølv kan legge til rette for eit lenger arbeidsliv. 

  • Undervisning:
    • Korleis få ei god seinkarriere?
    • Korleis ivareta god mental helse?
    • Korleis halde seg i god fysisk form?

 

  •  Aktivitetar
    • Avspenning og mental restitusjon – praksis ein kan vidareføre heime
    • Ekskursjon og friluftstur
    • Kreative aktivitetar 
    • Fysisk aktivitet – øvingar ein kan vidareføre heime

 

  • Refleksjon, diskusjon og arbeid med plan:
    • Kva rolle ynskjer eg å ta i mitt liv og arbeidsliv?
    • Arbeid med individuell plan: Korleis skal seinkarriera mi sjå ut?

 

  • Tidsrammer
    • Oppstart onsdag kl. 11.00
    • Torsdag, fredag og laurdag program frå kl. 09.00–15.30
    • Kveldsøkter alle dagar
    • Avslutning sundag kl. 13.00

 

Dette er eit førebels program, og det kan koma endringar. 

Dette kurset passar for tilsette i siste del av arbeidslivet som

  • du som arbeidsgjevar ynskjer å behalde lenge i arbeid
  • sjølve ynskjer å stå lenge i arbeid, og som treng noko ekstra for å klare det
  • treng å styrke motivasjon og tru på eigne ressursar og moglegheiter
  • treng råd om korleis ivareta god arbeidsfunksjon, fysisk og mental helse
  • har hatt fleire, hyppige eller langvarige sjukemeldingar

Kurset blir halde av eit tverrfagleg team

  • lege
  • arbeidskonsulent
  • tur- og aktivitetsleiarar
  • psykolog
  • fysioterapeut
  • idrettspedagog

 

Alle involverte har mange års erfaring med endrings- og motivasjonsarbeid, og med å styrke arbeidsfunksjon hos kvar enkelt. 

 

Overlege Elisabeth Swensen

Elisabeth Swensen er spesialist i allmennmedisin og har bakgrunn som fastlege/kommuneoverlege. Ho har vore formelt tilknytta universiteta i Tromsø og Oslo i fleire år. I tillegg har ho utdanning som gruppeveileder. Frå 2019 har ho vore overlege på AiR. 

 

Arbeidskonsulent Cecilie Cetalid Berdalen

Cecilie Setalid Berdalen er utdanna sosionom med variert og lang erfaring i arbeid med å støtte menneske til å bruke sine ressursar i skule og arbeid. Ho har erfaring frå mellom anna barnevern, arbeids- og inkluderingsbedrift og Nav. Berdalen har ein master i karriereveiledning og har dei siste ti åra jobba som arbeidskonsulent på AiR. 

 

Turleiar Harald Rishovd

Harald Rishovd har vore leiar for fritidsavdelinga ved AiR sidan 2019. Han har variert yrkesbakgrunn, blant anna som miljøarbeider på barnevernsinstitusjon og selgar og tekstforfatter i sportsbransjen. Han har lang erfaring som kurshaldar i padling, og har brei trenarerfaring frå sykling, padling, alpint, snøbrett, styrketrening og karate. Rishovd er ansvarleg for dei fleste turane i regi av fritidsavdelinga, og er både interessert i og har erfaring med å tilrettelegge aktiviteter for personar seint i karriera. 

 

Aktivitetsleiar Stian Røkenes Christensen

Stian Røkenes Christensen har bakgrunn som sølvsmed og kurshaldar i tradisjonshåndverk. Han er i dag aktivitør ved AiR, og driv i tillegg eigen verkstad med smykkeproduksjon. Christensen har mastergrad i tradisjonskunst og fleire års erfaring med formidling av håndverk og historie. Han har også bachelorgrad i arkeologi. 

 

Tur- og aktivitetsleiar Olav Barstad

Olav Barstad er utdanna innan friluftsliv og håndverk. Han er aktivitør og miljøarbeidar ved AiR, med særskilt ansvar for unge deltakarar. Barstad har brattkort i klatring og er ein dreven folkedansinstruktør. 

 

Psykolog, fysioterapeut og idrettspedagog

 

Kursansvarleg Stefan Brunvatne

Kursansvarleg er seniorrådgjevar Stefan Brunvatne ved Nasjonalt kompetansesenter for arbeidsrettet rehabilitering, som har bakgrunn som arbeidskonsulent og teamleiar ved AiR. Brunvatne er utdanna filolog og coach, og har lang erfaring frå gruppeleiing. 

AiR har lang erfaring med å støtte sjukemelde i å stå i arbeid

Påmeldingsfrist

30.mai.

Avgrensa antal plassar!

 

Kurset går over fem dagar

Oppstart onsdag 18. juni kl. 11.00
Avslutning søndag 22. juni kl. 13.00

 

Pris

Introduksjonsprisen er på kr. 14 500 per person, som inkluderer

  • fem dagars kurs
  • overnatting i enkeltrom med eige bad onsdag–søndag
  • frokost torsdag til søndag
  • lunsj alle dagar
  • middag onsdag til laurdag

Sidan det er første gong vi gjennomfører dette kurset, tilbyr vi det til sterkt redusert pris. 

 

Grupperabatt

Meld på to eller fleire tilsette frå di bedrift og få 20 % rabatt frå påmeldt nummer to. Vår erfaring er at det er lettare å ta i bruk lærdomen frå kurset dersom fleire tilsette frå same bedrift deltek saman. 

 

Betaling

Du vil få tilsendt faktura. Forfall er etter at kurset er gjennomført.

 

Avbestillingsreglar

Fram til 14 dagar før kursstart: ingen betaling
1–13 dagar før kursstart: 25 % av kursavgifta
Same dag: full pris

 

Kursstad

Rehabiliteringssenteret AiR, Haddlandsvegen 20, 3864 Rauland

Kursansvarleg Stefan Brunvatne

  • Tlf. 924 84 152
  • E-post: stefan.brunvatne@air.no

 

Har du spørsmål om tilbodet? Ikkje nøl med å ta kontakt. Vi ser fram til å diskutere mogleg deltaking for dine tilsette med deg!

Personvernerklæring

Hvem vi er

Vår nettstedsadresse er: https://rehabilitering.no 

Kommentarer 

Når besøkende legger inn kommentarer på siden, lagres informasjonen gitt inn i kommentarskjemaet i tillegg til IP-adressen til den besøkende og den besøkendes nettleserversjon. Dette gjøres for å bidra til å unngå useriøse kommentarer. En anonym tekststreng generert på grunnlag av e-postadressen din (også kalt en «hash») kan bli sendt til tjenesten Gravatar for å undersøke om du har en konto der. Personvernerklæringen til Gravatar ligger her: https://automattic.com/privacy/. Etter at kommentaren din er blitt godkjent, vil profilbildet ditt være synlig for hvem som helst i forbindelse med kommentaren din. 

Informasjonskapsler 

Hvis du legger inn en kommentar på dette nettstedet, kan du be oss om å huske navn, e-post og nettsted. Denne informasjonen lagres i en informasjonskapsel og er der for å gjøre ting lettere for deg. Du trenger da ikke å gi inn denne informasjonen på nytt neste gang du legger inn en kommentar. Disse informasjonskapslene utløper etter ett år. Om du besøker vår innloggingsside, vil vi opprette en midlertidig informasjonskapsel for å avgjøre om nettleseren din aksepterer informasjonskapsler. Denne informasjonskapselen inneholder ingen personopplysninger og forsvinner så snart du lukker nettleseren din. Når du logger deg inn, blir det opprettet informasjonskapsler som lagrer innloggingsinformasjonen din og valg du har tatt når det gjelder hvordan innhold skal vises. Informasjonskapsler med innloggingsinformasjon utløper etter to dager, mens de med visningsvalg varer i ett år. Hvis du krysser av for &lauot;Husk meg»t;, vil innloggingsinformasjonen din oppbevares i to uker. Hvis du logger deg ut av kontoen din, vil disse informasjonskapslene forsvinne.

Innebygd innhold fra andre nettsteder 

Artikler på denne siden kan inkludere innebygd innhold (f.eks. videoer, bilder, artikler osv.). Innebygd innhold fra andre nettsteder oppfører seg på nøyaktig samme måte som om den besøkende hadde besøkt nettstedet som det innebygde innholdet kommer fra. Disse nettstedene kan samle inn opplysninger om deg, bruke informasjonskapsler, bygge inn sporingssystemer fra tredjeparter og overvåke hva du gjør via dette innebygde innholdet. Dette omfatter også sporing av handlingene dine via det innebygde innholdet dersom du har en konto og er logget inn på nettstedet. 

Hvem vi deler dine opplysninger med 

Om du ber om at passordet tilbakestilles, vil din IP-adresse tas med i e-posten om tilbakestilling av passord. 

Hvor lenge vi oppbevarer opplysninger om deg 

Hvis du legger igjen en kommentar, blir kommentaren og informasjon om kommentaren lagret på ubestemt tid. Dette er for at vi kan gjenkjenne oppfølgingskommentarer og godkjenne dem automatisk i stedet for å legge dem i en kø der de må godkjennes manuelt av en redaktør. For brukere som registrerer seg på dette nettstedet (dersom denne muligheten eksisterer), lagres det også personopplysninger som de oppgir i brukerprofilen sin. Alle brukere kan se, redigere og slette sine egne personopplysninger når som helst (bortsett fra brukernavn). Nettstedets administratorer kan også se og redigere denne informasjonen. 

Rettighetene dine når det gjelder opplysninger om deg 

Hvis du har en konto på dette nettstedet eller har lagt igjen kommentarer, kan du be om å få en eksportfil som inneholder personopplysningene vi har om deg. Dette omfatter all data du har gitt oss. Du kan også be om at vi sletter alle personopplysninger vi har om deg. Dette omfatter ikke opplysninger vi er pålagt å lagre av administrative, juridiske eller sikkerhetsmessige årsaker.