Mi side
På mi side kan du logge inn i vår samhandlingsløysing. Her kan du finne
- Skjema du skal svare på, både før, under og etter opphaldet
- Elektroniske brev frå oss
- Kalender for opphaldet
- Undervisningsmateriale og oppgåver
Du vil få ein sms kvar gong du skal logge inn på Mi side og fylle ut skjema eller gjera oppgåver.
For å få størst utbytte av rehabiliteringssopphaldet ditt må du fylle ut dei skjemaene me gjev deg både før, under og etter opphaldet. Svara dine hjelper både deg og behandlerane våre å førebu seg til du kjem og følge deg opp i ettertid. Det gjev større innsikt i helsesituasjonen din, og gjer at me kan utnytte tida her betre.
Korleis går det føre seg
Du brukar BankID for å logge deg inn
Her er eit rettleiing for innlogging
Kontakt oss på tlfnr. 350 62 800 dersom du treng hjelp

