– Som fastlege sjukemelde eg mange pasientar kvar einaste dag. Ikkje alle hadde hatt nytte av arbeidsretta rehabilitering, men mange fleire enn eg tenkte då, seier allmennlege og tidlegare fastlege Ella Roksund Carlsson. Foto:Guro Lien / AiR

Fastlåst sjukefråvær: Når bør du vurdere arbeidsretta rehabilitering?

Mangel på rutinar, dårleg søvn, lite fysisk aktivitet. Gjentakande sjukemeldingar. Samansette og diffuse helseplager. Tidlegare fastlege Ella Roksund Carlsson gir deg tips til korleis du kan kjenne igjen pasientar som kan ha nytte av arbeidsretta rehabilitering. 

Av  Guro Lien, seniorrådgjevar kommunikasjon og marknadsføring, Rehabiliteringssenteret AiR 

Vi går rett inn på fastlegekontoret, der Roksund Carlsson har tatt imot nokre tusen pasientar. Nokre blir raskt kvittert ut, andre får ei lang helsereise. Når allmennlegen ser tilbake på kvardagen som fastlege, ser ho at ho ofte møtte pasientar som kunne hatt nytte av arbeidsretta rehabilitering – utan at ho tenkte på det der og då.   

– Eg sjukemelde mange pasientar kvar einaste dag. Ikkje alle hadde hatt nytte av arbeidsretta rehabilitering, men mange fleire enn eg tenkte då. Når eg ser tilbake, trur eg nok det var snakk om fleire i veka.

Allmennlegen er no ein del av eitt av fem tverrfaglege team ved Rehabiliteringssenteret AiR. Fire av teama held til i Rauland i Telemark. Det femte møter du sentralt i Oslo – i eit dagtilbod for arbeidsretta rehabilitering. Teama støttar unge og vaksne til betre helse, funksjon og auka arbeidsdeltaking.

Dette er teikna du bør sjå etter

– Når du tenker at det er litt diffust og samansett, og magefølelsen seier at dette kan ta tid, kan det vere eit teikn på at arbeidsretta rehabilitering er eit nyttig neste steg, seier allmennlege Roksund Carlsson. Foto: AiR

No har Roksund Carlsson jobba på AiR i eitt og eit halvt år. Ho har gjort seg nokre tankar om kva som kan vere dei første, små teikna på at arbeidsretta rehabilitering kan vere eit nyttig neste steg.

– Når du tenker at det er litt diffust og samansett, og magefølelsen seier at dette kan ta tid. Du veit at pasienten har ei eller anna sårbarheit – for eksempel at ho eller han står i, eller har stått i, stor totalbelastning over tid. Har personen fleire sjukemeldingar bak seg, kan det også vere eit teikn.

Eit anna teikn er når pasienten ikkje følger tilfriskingsforløpet som er forventa etter sjukdom eller skade, og fortsatt ønsker sjukemelding sjølv om det ikkje er nokon klar medisinsk grunn til det.

– Når du ikkje lenger kan legge alt på det som var den utløysande årsaka til sjukemeldinga, og du anar at det er veldikehaldande faktorar som held sjukemeldinga i gang, kan arbeidsretta rehabilitering vere eit godt tiltak for å få støtte til å kome vidare og bryte ut av uhensiktsmessige mønster, seier Roksund Carlsson.  

Langvarig utmatting, smerte og livsstilsutfordringar

Ella Roksund Carlsson er allmennlege ved Rehabiliteringssenteret AiR. Som tidlegare fastlege har ho lang erfaring frå oppfølging av sjukemelde. Foto: Guro Lien / AiR

Bak lange sjukefråvær ligg det ofte meir enn det som står i sjukemeldinga. Når Roksund Carlsson møter pasientar på AiR i dag, kjenner ho att mange av historiene frå tida som fastlege. Mange av pasientane har ei samling av plager og belastningar som har bygd seg opp over tid.

– Fellesnemnaren for den store andelen av pasientar på AiR er langvarig utmatting, langvarige smerteplager og livsstilsutfordringar, fortel Roksund Carlsson.

Det kan vere mange årsaker til at det har blitt slik. Nokon har slite med smerter og utmatting nesten heile livet. Andre kan ha hatt eit velfungerande liv med høgt tempo – og plutseleg seier det stopp. Nokon står i store belastningar og treng ei pause. Andre har stått eller står i krevjande livssituasjonar over tid, og har vore i kontinuerleg beredskap.

Vanlege diagnosar

Pasientane som får arbeidsretta rehabilitering på AiR har mange ulike diagnosar. Dette er dei vanlegaste:

  • Utmatting og andre allmenne og uspesifiserte plager (A-diagnosar)
  • Muskel- og skjelettplager (L-diagnosar)
  • Lettare og moderate psykiske plager (P-diagnosar) som ein del av eit større bilete
  • Overvekt, diabetes (T-diagnosar)
  • Migrene og andre plager knytt til nervesystemet (N-diagnosar)

Fleirtalet av dei som kjem har mange ulike symptom og diagnosar på same tid. Livsstilsutfordringar er vanleg på tvers av diagnosegruppene.

Ulike grunnar til sjukefråvær, like utfordringar undervegs

To personar går roleg tur saman i naturen
Under arbeidsretta rehabilitering får pasienten støtte til å ta tak i faktorar som kan vere med å opppretthalde sjukefråværet, til dømes lite fysisk aktivitet. Foto: Jo Vemund Svendsen / AiR

Utfordringane som følgjer med sjukefråvær har mange fellestrekk på tvers av diagnosar. Difor er arbeidsretta rehabilitering eit diagnoseuavhengig tilbod.

Roksund Carlsson forklarar:

– Det er typisk ein utløysande årsak til sjukefråværet. Årsaka er heilt ulik frå person til person. Det kan vere nesten kva som helst, for eksempel migrene, kreft, ADHD eller long covid. Det kan vere eit virus, ei konflikt, ei ulykke eller summen av alle belastningar frå barndom til vaksenliv.

Når ein har levd med helseplager eller vore sjukemeld over tid, oppstår dei vedlikehaldande faktorane. Dette er faktorar som bidreg til å oppretthalde både fråvær og helseplager – og som ofte er sjølvforsterkande. Det kan vere skam, skuldkjensle, tungsinn, mangel på rutinar, dårleg søvn, dårleg økonomi, vanskelege relasjonar, dårleg sjølvbilete, lite fysisk aktivitet og ikkje minst at ein aktivt unngår bestemte situasjonar og settingar. Slik kan sjølv ei vond skulder utvikle seg til å bli langt meir samansett.  

– Sjølv om dei utløysande årsakene til sjukefråvær er ulike, er dei vedlikehaldande faktorane ofte ganske like. Difor kan vi møte ei stor og variert pasientgruppe med mange av dei same tilnærmingane, forklarar Roksund Carlsson.

Under arbeidsretta rehabilitering får pasienten støtte til å ta tak i nettopp dei vedlikehaldande faktorane. Ein får sjølv erfare og kjenne på kroppen kva som skjer når ein tek tak og gjennomfører gode endringar. Legar, psykologar, fysioterapeutar, idrettspedagogar og arbeidskonsulentar utfordrar og støttar pasientane i trygge rammer.

– Når du sjølv får kjenne på kroppen kva desse endringane gjer med deg, aukar motivasjonen til å halde fast i endringane – også etter opphaldet, avsluttar Roksund Carlsson.   

Sjekkliste: Kven kan du henvise til arbeidsretta rehabilitering, og når?

Arbeidsretta rehabilitering er diagnoseuavhengig og gir pasientar tverrfagleg støtte til betre helse, funksjon og auka arbeidsdeltaking.

Tilbodet passar for pasientar frå heile landet som:

  • ønsker å jobbe eller ta utdanning
  • er mellom 18 og 67 år
  • har eit rehabiliteringspotensiale
  • har samansette helseplager (f.eks. smerter, utmatting, alminnelege psykiske plager, livsstilsutfordringar) og er i ein vanskeleg livs- og arbeidssituasjon.
  • ikkje har psykiske plager som hovuddiagnose, men som ein del av eit større bilete
  • vil ha nytte av tverrfagleg og heilskapleg tilnærming
  • har prøvd ut lokale tiltak retta mot helse eller arbeidsdeltaking
  • er tilstrekkeleg medisinsk utreda

 

Du bør vurdere å henvise så snart pasienten har passert 6-8 vekers full sjukemelding. Dette rådet er basert på forsking om når i eit sjukefråvær døgnbasert arbeidsretta rehabilitering gir best resultat (Eftedal, M. og Jensen, C., 2026).

Finn ut meir: Kven passar arbeidsretta rehabilitering for, og korleis henviser du?

Sjå webinar med tips til deg som er fastlege eller annan henvisar:

Personvernerklæring

Hvem vi er

Vår nettstedsadresse er: https://rehabilitering.no 

Kommentarer 

Når besøkende legger inn kommentarer på siden, lagres informasjonen gitt inn i kommentarskjemaet i tillegg til IP-adressen til den besøkende og den besøkendes nettleserversjon. Dette gjøres for å bidra til å unngå useriøse kommentarer. En anonym tekststreng generert på grunnlag av e-postadressen din (også kalt en «hash») kan bli sendt til tjenesten Gravatar for å undersøke om du har en konto der. Personvernerklæringen til Gravatar ligger her: https://automattic.com/privacy/. Etter at kommentaren din er blitt godkjent, vil profilbildet ditt være synlig for hvem som helst i forbindelse med kommentaren din. 

Informasjonskapsler 

Hvis du legger inn en kommentar på dette nettstedet, kan du be oss om å huske navn, e-post og nettsted. Denne informasjonen lagres i en informasjonskapsel og er der for å gjøre ting lettere for deg. Du trenger da ikke å gi inn denne informasjonen på nytt neste gang du legger inn en kommentar. Disse informasjonskapslene utløper etter ett år. Om du besøker vår innloggingsside, vil vi opprette en midlertidig informasjonskapsel for å avgjøre om nettleseren din aksepterer informasjonskapsler. Denne informasjonskapselen inneholder ingen personopplysninger og forsvinner så snart du lukker nettleseren din. Når du logger deg inn, blir det opprettet informasjonskapsler som lagrer innloggingsinformasjonen din og valg du har tatt når det gjelder hvordan innhold skal vises. Informasjonskapsler med innloggingsinformasjon utløper etter to dager, mens de med visningsvalg varer i ett år. Hvis du krysser av for &lauot;Husk meg»t;, vil innloggingsinformasjonen din oppbevares i to uker. Hvis du logger deg ut av kontoen din, vil disse informasjonskapslene forsvinne.

Innebygd innhold fra andre nettsteder 

Artikler på denne siden kan inkludere innebygd innhold (f.eks. videoer, bilder, artikler osv.). Innebygd innhold fra andre nettsteder oppfører seg på nøyaktig samme måte som om den besøkende hadde besøkt nettstedet som det innebygde innholdet kommer fra. Disse nettstedene kan samle inn opplysninger om deg, bruke informasjonskapsler, bygge inn sporingssystemer fra tredjeparter og overvåke hva du gjør via dette innebygde innholdet. Dette omfatter også sporing av handlingene dine via det innebygde innholdet dersom du har en konto og er logget inn på nettstedet. 

Hvem vi deler dine opplysninger med 

Om du ber om at passordet tilbakestilles, vil din IP-adresse tas med i e-posten om tilbakestilling av passord. 

Hvor lenge vi oppbevarer opplysninger om deg 

Hvis du legger igjen en kommentar, blir kommentaren og informasjon om kommentaren lagret på ubestemt tid. Dette er for at vi kan gjenkjenne oppfølgingskommentarer og godkjenne dem automatisk i stedet for å legge dem i en kø der de må godkjennes manuelt av en redaktør. For brukere som registrerer seg på dette nettstedet (dersom denne muligheten eksisterer), lagres det også personopplysninger som de oppgir i brukerprofilen sin. Alle brukere kan se, redigere og slette sine egne personopplysninger når som helst (bortsett fra brukernavn). Nettstedets administratorer kan også se og redigere denne informasjonen. 

Rettighetene dine når det gjelder opplysninger om deg 

Hvis du har en konto på dette nettstedet eller har lagt igjen kommentarer, kan du be om å få en eksportfil som inneholder personopplysningene vi har om deg. Dette omfatter all data du har gitt oss. Du kan også be om at vi sletter alle personopplysninger vi har om deg. Dette omfatter ikke opplysninger vi er pålagt å lagre av administrative, juridiske eller sikkerhetsmessige årsaker.