
Tydeleg redusert sjukefråvær ved AiR
I snart 40 år har AiR hjelpt menneske med samansette helse- og livsutfordringar til å delta i arbeidslivet. Korleis tener det samfunnet?
– Dei som kjem til oss er menneske som opplever at det har vorte for mange negative faktorar i livet på éin gong. Vanlege folk, der livet har floka seg til, fortel AiR-direktør Tarjei Urup Helle.
Døme på dette er Marit, som er tilbake i 100% jobb etter opphaldet sitt hos AiR.
– Me hjelper dei med å sortere i flokar og kompliserte livssituasjonar. Målet vårt er å halda flest mogleg i arbeid – trass helseplager og livsutfordringar, forklarer direktøren.

Derfor spør AiR deltakarane kor lenge dei har vore sjukmelde det siste året, både ved ankomst og tolv månader etter opphaldet.
Ved klinikken i Rauland, som tilbyr eit fire vekers døgnopphald med arbeidsretta rehabilitering, er tala er klare:
For deltakarar som hadde eit arbeidsforhold både ved ankomst og etter tolv månader er sjukefråværet tydeleg redusert tolv månader etter opphaldet.
Heile 9,5 veker er den totale reduksjonen i sjukefråvær.

Denne gruppa er i gjennomsnitt 49 år, og kan i gjennomsnitt ha 15 år igjen i arbeidslivet. Dei kan dermed ha auka arbeidsdeltakinga med tre årsverk per person.
Satsar hardt på dei unge
AiR sitt Oslo-tilbod har berre eksistert i litt over eitt år og har derfor ikkje stort nok talgrunnlag til å rekna på same vis.Direktør Helle fortel likevel at dei ser dei same tendensane i førebelse tilbakemeldingar frå deltakarane i Oslo.
Reknestykket over viser uansett at sjølv små reduksjonar gir samfunnsøkonomiske gevinstar.
Marit Westum er tydeleg på at AiR-opphaldet forandra livet hennar og har halde henne i arbeid.

– Marit kunne fort vorte uføretrygda om ikkje ho snudde strategiane sine. Det er viktig at ho får hjelp og kan stå ut yrkeslivet, seier Hilde Rinden, fagansvarleg for arbeid ved AiR.
Rinden forklarer vidare at det no blir satsa tungt mot dei unge. Der vil den samfunnsøkonomiske gevinsten vera desto høgare, sidan unge har eit endå lengre arbeidsliv framfor seg.
Les meir: Den samfunnsøkonomiske gevinsten av metodane våre.