
Lege-tips: Slik skriv du gode søknadar til AiR
Er du lege og har ein pasient du trur AiR kunne vore nyttig for? I denne saka finn du fire tips til kva søknaden bør innehalde for å bli best mogleg.
I snart 1,5 år har AiR drive eit skreddarsydd dagtilbod for arbeidsretta rehabilitering sentralt i Oslo.
Tilbodet strekkjer seg over fire veker, med både fysisk og digitalt program.
– Verktøya deltakarane våre får med seg, kan brukast i kvardagen omgåande. Fleire uttrykkjer at dei set pris på nettopp det, fortel klinikkleiar Guri Sogn-Larssen.
I heile vinter og vår har ho og kollegaer besøkt legekontor i Oslo-området for å fortelja om tilboda og metodane ved AiR.

Fastlegane ho møter er både nysgjerrige og positive til dagtilbodet i Oslo.
– Det er heilt klart at me har mange pasientar som passar. Og det at det går litt over tid er vesentleg. Det krev tid for å få til endring, sa Elisabeth Juvkam ved Lønnes legesenter, under eit besøk i februar.
Fastlege Mette Junker Østensen ved Bærum Verk legesenter har vist fleire pasientar til tilbodet, og er fornøgd.
– Det verkar som eit bra opplegg. Pasientane trivst med gruppementaliteten og samhaldet dei får. Dei lærer seg teknikkar som er lett å implementera i kvardagen, seier ho.

Fire tips til tilvising
Er du lege og har ein pasient du trur dette kunne vore nyttig for? Då er erfaringa vår at det er viktig at søknaden er godt skriven, så Regional koordinerande eining (RKE) kan ta ei rett vurdering på vegne av pasienten din.
Her er AiRs tips til kva søknaden bør innehalde for å bli best mogleg:
1. Diagnose vs. funksjonsnivå
Fokuser på funksjonsnivået til pasienten og unngå ordet smerte. AiRs behandlingsfokus er å leita etter det som fungerer. Legg derfor vekt på funksjon – trass helseplager – i søknaden.2. Kva er gjort av lokale tiltak?
Gjer godt greie for for kva som er prøvd av tiltak allereie. AiRs tilbod skal primært finna stad når det har vore testa ut lokale tiltak utan nemneverdig betring.
3. Kva er målsetjinga til pasienten?
Spør pasienten kva hen ønskjer seg på sikt og dyrk all motivasjon som går i retning av arbeid. Hos AiR jobbar me med arbeid som mål og veit at ein arbeidssituasjon bidreg til mykje meir enn berre kroner og øre.Arbeidsplassen er ein viktig arena for å kjenna meistring, rutinar og fellesskap. Det er vesentleg å understreka i søknaden at pasienten ønskjer og treng dette.
4. Viss du får avslag: Prøv igjen!
Prioriter å anka eventuelle avslag – erfaringa vår er at det ofte hjelper. 
Les meir om tilvising til rehabilitering her.
Ønskjer legekontoret ditt besøk av AiR for å læra meir om korleis me jobbar?
Ta kontakt med klinikksjefen vår Guri Sogn-Larssen.