CFS/ME-rehabilitering

  • Opplegget er gruppebasert, men med individuell oppfylging.
  • Du bur på AiR gjennom heile opphaldet.  

Me ser CFS/ME-tilstanden som eit samspel mellom biologiske, psykiske og sosiale faktorar, og du må vera motivert for eit opphald der du tek ansvar og er motivert for endring.

Gjennom opphaldet vil du jobbe med å endre vedlikehaldande faktorar for tilstanden din med utgangspunkt i dine ressursarog rammevilkår dine. Programmet baserar seg på kognitiv tilnærming og gradert opptrening.

Du blir ein del av ei gruppe på 17 deltakarar. Teamet som fylgjer deg består av lege, psykolog/samtaleterapeut, fysioterapeut, idrettspedagog og arbeidskonsulent. Opphaldet inneheld i hovudsak gruppeaktivitetar. I tillegg har du individuell oppfylging av ein kontaktperson i teamet. I ei kartleggingssamtale ved oppstart blir ytterlegare behov for individuell oppfylging klarlagt.

For at du skal få best mogleg nytte av rehabiliteringsopphaldet bør du ha eit funksjonsnivå der du kan delta i desse beskrivne aktivitetane.

Du vil vera delaktig i:

  • Undervisingar
  • Gruppearbeid
  • Individuelle samtaler
  • Gradert trening
  • Utarbeiding av aktivitetsplan og rehabiliteringsplan
  • Bevegelsesgrupper
  • Avspenning
  • Turar

Slik ser ein vanleg dagsplan ut: 

  • Morgonmøte med gruppa din og fagteamet kl. 08.45.
  • Deretter vil det daglege programmet vanlegvis bestå av to aktivitetar: ein kognitiv økt (undervising, gruppearbeid, samtalar) og ein fysisk aktivitet (gradert trening, bevegelsesgruppe, tur). Det fastsette programmet er ferdig seinast 15.30.
  • I tillegg blir det måltid i kantina, forflytning rundt på området og valfri sosial deltaking og fritidsaktivitetar.

Her kan du sjå eit eksempel på timeplan for CFS/ME-rehabiliteringsopphaldet.

Meir om innhaldet

  • Primærkontaktoppfylging: Varer inntil 45 minutt. Individuell samtale, vanlegvis ei gong i veka, med fokus på vedlikehaldande faktorar, ressursar og erfaringar frå gjenomføring av aktivitetsplan og gradert trening.
  • Gradert trening: Varer 5-30 minutt. Låg til moderat intensitet, fem dagar i veka. Øktene gjenomførast i gruppe leia av idrettspedagog, og/eller som eigentrening. Lengda og intensiteten i aktiviteten tilpassast ditt funksjonsnivå.
  • Bevegelsesgruppe: Varer inntil 45 minutt. Rolege aktivitetar leia av fysioterapeut, basert på psykomotoriske prinsipp. Inneheld også avspenning.
  • Undervising: Varer inntil 60 minutt, pluss ti minuttars pause. I gruppe. Undervisingane handlar om aktivitetsplan, gradera trening, tilstandsforståing, søvn, merksemdstrening, kognitive tilnærmingar, arbeid og tida etter opphaldet.
  • Gruppearbeid: Varer inntil 60 minutt, inkludert ti minuttars pause. Gruppeprosess med mål om utarbeiding av individuell rehabiliteringsplan. Tre øker i løpet av opphaldet.
  • Temagrupper: Varer inntil 60 minutt, inkludert ti minuttars pause. Samtale i gruppe. Tema er gradera trening eller kognitive tilnærmingar. Du vel sjølv kva gruppe du deltek i. To økter i løpet av opphaldet.
  • Pårørandedag: Du oppfordrast til å invitere ein pårørande til såkalla «pårørandedag». Dei vil få informasjon om CFS/ME og tilbodet ved AiR, samt samtale om kva rolla pårørande har. Dagen blir gjennomført parallelt med deltakeranes aktivitet.

Praktisk informasjon

  • Du får tildela eige rom med dusj og toalett.
  • Du er sjølv ansvarleg for reinhald av rommet ditt.
  • Romma ligg om lag 140 meter frå fellesbygget der du får servert alle måltid og deltek på aktivitetar og undervising.
  • Me har avgrensa moglegheit til å skjerme for støy, lyd og lys i felleslokala.

Om du har behov for tilpassa diett, gje oss beskjed i god tid før opphaldet.

Opptaksområde

Heile landet.

Ventetid

Omlag 8 månader. Det hender at tildela plassar blir avbestilt. Gje oss gjerne beskjed om du har høve til å koma på kort varsel.

Tilbodet er for deg som:

  • har CFS/ME i mild til moderat grad
  • er over 18 år

Du kan søke plass:

  • viss du er diagnostisert med CFS/ME, mild til moderat grad
  • viss det ikkje finst relevante lokale tilbod/tiltak der du bur