Om oss

AiR-klinikk har status som landsdekkande helseinstitusjon i spesialisthelsetenesta og er ein del av Rehabiliteringssenteret AiR as – ein privat ideell organisasjon (non-profit) som består av einingane AiR-klinikk og Nasjonal kompetanseteneste for arbeidsretta rehabilitering. Senteret vart etablert i 1986 og har sidan oppstarten vore leiande innan fagfeltet arbeidsretta rehabilitering.

Deltakarane våre blir fylgd opp av eit tverrfagleg team beståande av lege, arbeidskonsulent/sosionom, psykolog/samtaleterapeut, fysioterapeut og idrettspedagog. Vi har lang erfaring med mange ulike diagnosegrupper som muskel- og skjelettplager, lettare psykiske lidingar, samansette plager der utmatting er eit av dei mest dominerande symptoma, revmatiske lidingar, hjarte- og karsjukdommar og lungesjukdommar. På grunnlag av vår breie erfaring tilbyr AiR-klinikk rehabiliteringsprogram tilpassa behov hjå ulike pasientgrupper.

Forsking og fagutvikling (FoU) 

FoU er i ei oppstartsfase som eigen eining i AiR-klinikk. Mål for FoU er å bidra til å sikre høg kvalitet på rehabiliteringstenestene. FoU er involvert i gjennomføring av brukarkartlegging, dokumentasjon og rapportering av resultat, og deltek i forskingsprosjekt som vert gjennomført ved Nasjonal kompetanseteneste for arbeidsretta rehabilitering.

Kontaktperson for FoU er Håvard Jakobsen Ofte – havard.jakobsen.ofte@air.no eller tlf. 35 06 28 00

Internasjonalt godkjent klinikk

CARF (Commission on Accreditation of Rehabilitation Facilities) er ein amerikansk non-profit organisasjon som har utvikla eit internasjonalt system for godkjenning/akkreditering av verksemder innan helse og rehabilitering. Systemet er utvikla i tett samarbeid med brukarorganisasjonar. CARF-akkreditering blir rekna som det beste og mest solide kvalitetsstempel innan rehabilitering internasjonalt.
Rehabiliteringssenteret AiR blei akkreditert av CARF første gong i 2010.

Styret

Styret for Rehabiliteringssenteret AiR er akkreditert etter Carf sin standard Governance Standard Applied (2013-2016).