Ofte stilte spørsmål

Fastlegen din eller anna helsepersonell.

Det er RKE (Regional koordinerende enhet) og inntaksteam ved AiR som vurderer søknadar.

Dersom du får innvilga opphald vil du få eit brev om ventetid, eller du vil bli kalla inn direkte med dato for opphald.

Det må vere særs gode grunnar for å utesette eit opphald, men ta kontakt med ein av våre helsesekretærar på tlf. 35 06 28 00 om det er vanskeleg å gjennomføre opphaldet til oppsett tid.

Ventetida vil variere frå nokre veker og opp mot 2-3 månadar.

Ja, Pasientreiser dekkjer reiseutgiftene til og fra AiR-klinikk (ankomst og avreise).

Du får ditt eige rom med bad og wc.

Du får låne sengeklede og handkle hjå oss.

Det er kun TV/internett i fellesarealet i hovudbygget. Det er tilgang til PC på hemsen i stoga.

Det er ikkje lov å ha med dyr/hund til AiR-klinikk grunna allergi.

Du har tilgang til felles vaskemaskin og tørketrommel med myntinnkast.

Kjøkkenet på AiR er kjent for å servere sunn og velsmakande mat. Det blir servert frukost, lunsj og middag kvar dag i spisesalen – også i helgene. I tillegg blir det servert eit enkelt mellommåltid kvar ettermiddag.

Me legg til rette for diettar, men ber om at du legg fram legeattest. Ta i så fall kontakt med oss før du kjem hit.

Du betalar ingenting for eit opphald på AiR.

Du må gjerne ta i mot besøk under opphaldet, men det er dessverre ikkje mogleg for pårørande å overnatte eller kjøpe mat her på senteret. Det er fleire alternativ for overnatting i Rauland, men vandrarheimen på Raulandsakademiet ligg kun eit par kilometer frå AiR-klinikk.

Fire-vekersopphald:
Det er fri og mogleg å søke permisjon i helgene, bortsett frå den fyrste laurdagen i opphaldet då det er opplegg fram til kl. 12.00.

Vekesopphald:
Deltakarar her kan søkje permisjon frå fredag ettermiddag til måndag morgon, men for å så mest mogleg ut av opphaldet anbefalar me at du blir på huset og deltek på dei friviljuge aktivitetane som blir arrangert då.