
Slik forandra AiR livet til Marit
«Eg skal hjelpa alle, eg skal gjera alt, eg skal få alt til å gå i orden.» Slik omtalar Marit Westum (60) seg sjølv. Lenge gjekk det veldig bra å leva slik. Heilt til kroppen sa stopp.
Ho var 100% sjukmeld då ho kom til AiRs dagtilbod i Oslo, ein kald januardag i 2023.
No, snart halvtanna år seinare, er Marit i 100% jobb. Dagleg utfører ho rutinar for å handtera både livet og jobben betre enn før.
– Heile livet mitt vart jo heilt nytt etter opphaldet, fortel Marit.
Kva gjorde at ho hamna hos nettopp AiR?
Og kva lærte ho, som gjer at livet har vorte betre no?


Jobbar til me stuper
Dei første leveåra var fylte med leik og fysisk aktivitet for gardsjenta frå Smedmoen i Nord-Østerdalen.
Raskt vart praktiske oppgåver også ein del av livet.
Allereie som femåring fekk Marit faste ansvarsområde: Henta vatn og dyrefôr med storesøster.
Deretter følgde ansvaret for geitene.
– Når du har dyr er du i beredskap 24 timar i døgnet, mimrar ho.
Oppveksten gjorde henne ekstremt ansvarsmedviten.
– Me skal vera veldig sjuke før me ikkje går på jobben i familien min. Me jobbar til me stuper, forklarer ho.

«Me skal vera veldig sjuke før me ikkje går på jobben i familien min.»
Ikkje meir å gi
40 år seinare er geiter og mjølkespann bytte ut med løyndomsstempla sikkerheitsdokument.
Marit er inne i sitt tredje tiår som seniorarkivar hos Nasjonal sikkerhetsmyndighet (NSM). På Kolsås base utanfor Oslo har ho funne lidenskapen sin.
– Det har alltid vore sånn at når eg vaknar om morgonen, så sprett eg opp av senga. «Yes, i dag skal eg på jobben igjen!».
Etter årevis i jobben, kjenner Marit at ho sit på ein uvurderleg kunnskap om arbeidsoppgåvene på avdelinga si.
Ho kjenner på eit stort ansvar og involverer seg derfor i alt.

Sakte, men sikkert blir dagane på Kolsås base like lange som dei i fjøset.
10, 11, 12, 13, 14 timar.
Ho kjem først på jobb og dreg sist heim. Seks dagar i veka. Så lenge ho får i seg nok vatn, går det greitt.
Heime er leilegheita eit einaste stort rot. Ho søv dårleg, kroppen er full av adrenalin. Ho klarer ikkje å ete og bruker enorme mengder migrenemedisin. Månadene går.
Ho ignorerer alle signal. Sluttar å sjå familie og venner.
Kvar dag seier sambuaren: «Du må sjukmelda deg.»
Kvar dag svarer Marit: «Eg har ikkje tid …»
Eit kjent mønster
– Eit opphald hos oss gir folk avstand frå kvardagen og hjelper dei å tenkja: «Kva er det eg eigentleg driv med?», forklarer Hilde Rinden.
Ho er fagansvarleg for arbeid ved AiR og har jobba nesten like lenge med å hjelpe folk tilbake til arbeidslivet, som Marit har jobba med hemmelege dokument.
Rinden ser eit kjent mønster i Marits historie, og beskriv henne som ein klassisk «flink jente», full av omsorg for andre.
– Strategiar du tek med deg frå du er barn, blir med inn i vaksenlivet. På sikt blir det det me kallar lite tenlege strategiar.
– Det går for langt før ein ser alvoret, forklarer ho.

Samanbrotet
Marit sit på kontoret sitt og græt for seg sjølv.
I månadsvis har ho og teamet hennar jobba med eit nytt internsystem. Kvelden før alt skal sjøsetjast, har det dukka opp ein feil. Verda rasar saman.
Plutseleg står avdelingsdirektøren i døropninga.
«Me jobbar ikkje på akutten, Marit. Det er ingen som døyr her», seier ho.
«Viss du kjem på jobb i morgon, så køyrer me deg til lege.»
Det var nærast ein kommando.

For Marit kom skamma like fort som sjukmeldinga:
«Herregud, klarer du ikkje meir? Taklar du ikkje meir? Er du sjuk no?»
Fastlegen tilrådde AiR
Betennelsesnivået i blodet hennar «eksploderte».
I tillegg kom ein tosidig lungebetennelse og antibiotikakur.
– Veldig mange kjem litt seint og har pressa seg veldig lenge før dei ber om hjelp, seier Marits fastlege, Mette Junker Østensen ved Bærum legekontor.
Ho møter mange pasientar som slit med utmatting og overbelastning, og beskriv Marit som ei «stå på-dame».
Østensen var ikkje i tvil om verken sjukmeldinga eller tilvisinga til AiR.

– Sjølv om det alltid krev ei totalvurdering, så er det ofte ei sjukmelding som må til for å redusera totalbelastninga i livet.
– Det kan gi folk tid og rom til å læra måtar å handtera jobb og andre typar belastningar – på ein god måte, seier legen.
«Taklar du ikkje meir?
Er du sjuk no?»
Ho hadde god erfaring med å visa til AiRs døgnopphald i Rauland, og kjende dermed til dagtilbodet i Oslo.
– Eg ser at dagtilbod er meir og meir aktuelt, særleg for folk som ikkje har tid til å vera borte over tid.
– Har du tilvist fleire dit?
– Eg har tilvist ein heil haug!
Den kronglete vegen
Marit grudde seg veldig til å ta bussen til Oslo sentrum.
Ho er generelt engsteleg når ho ferdast med offentleg transport, men det var ekstra ubehageleg denne måndagen i januar.
Angsten bobla i kroppen. Ho tok heisen opp i 9. etasje.
Hos AiR møtte ho fleire i same situasjon, og beskriv det som uvant og godt og vondt på same tid.
Her var det lege, fysioterapeut, psykolog og ein arbeidskonsulent, som hadde skreddarsydde dagsprogram med ulike verktøy for å meistra kvardagen betre.
I fire veker var det oppmøte tre halve dagar i veka, resten av undervisninga gjekk føre seg digitalt.

Særleg godt hugsar Marit eit bilete som vart vist av ein kronglete veg: Livet, og ikkje minst vegen vidare, er på ingen måte lett eller rett fram.
For Marit var dette forløysande å høyra frå fagfolk.
– Me følte at me vart forstått. Og når me føler at me blir forstått, så er det mykje enklare å jobba vidare med seg sjølv, reflekterer ho.

Fagansvarleg for arbeid hos AiR, Hilde Rinden, forklarer biletet:
– Du må stoppa opp og lada, ta ein fot i bakken, stå på raudt lys og gjennom U-svingar og ekstra rundar i rundkøyringa. Desse metaforane blir veldig ekte for folk og me opplever at dei har stor effekt, seier ho.
Les meir: Sjukefråværet blir redusert etter AiR-opphald.
– Då eg drog herfrå, var det ikkje skummelt å gå bort for å ta bussen. Vekene ved AiR bidrog til at eg handterte bussturen mykje betre.
– Eg fekk kontroll på kaoset eg hadde oppi hovudet, forklarer Marit.
Den nye kvardagen
No er ho tilbake i 100% jobb, og kvar dag spør ho seg sjølv:Kva er det eg faktisk klarer i dag? Kva kan eg levera på jobben i dag?
Svaret skriv ho ned på ein liten lapp som ligg på pulten. Det er dagens plan. Den hjelper henne å setja grenser.
– Nyleg sat eg ei helg og jobba søndag kveld. Eg hadde jobba ei stund før eg stoppa og tenkte “Nei, ikkje F!”, fortel Marit.
«Eg fekk kontroll på kaoset
eg hadde oppi hovudet.»
Ho har lært at ho må kvila, ta pausar og hugsa å ete. Ho har vorte meir tolmodig og kjenner på mindre dårleg samvit.
Til bursdagen sin kjøpte ho til og med gåstavar til seg sjølv. Ein aktivitet ho vart kjend med ved AiR.
På fritida har ho meir tid og overskot til sambuaren.

Det byrjar å danna seg ei faktisk fritid, der dei mellom anna skal bruka bubilen sin meir – saman.
Samtidig erkjenner Marit at ho aldri blir heilt «seg sjølv» igjen, etter det ho sjølv omtalar som 15-20 år på nedbrytning. Ho må rett og slett halda fram med å vera medviten si eiga helse og funksjon.
– Viss eg ikkje er det, så er eg framleis ein kandidat og lett kan hamna i den fella igjen.
