Arbeidsretta kartlegging, 8 dagars opphald

Gruppebasert tilbod med individuell oppfylging.

8-dagarsopphaldet på AiR-klinikk har vekt på å kartlegge og vurdere om personar med helseproblem har behov for meir rehabilitering, eventuelt andre helsetilbod eller ikkje, for å koma tilbake til arbeid.

Målgruppe

• Personar som kan unngå å bli sjukemeld eller førebygge sjukemelding
• Sjukemelde som kan koma raskare tilbake i arbeid
• Sjukemelde, eller andre med nedsett arbeidsevne, som er hindra i å skaffe eller behalde inntektsgivande arbeid
• Alle i yrkesaktiv alder, frå 18 år og oppover, med realistisk moglegheit for og/eller ynskje om arbeidsdeltaking
• Innsøking uavhengig av diagnose

Programmet

Vi rettleier deltakaren i å lage og forankre mål og planar for arbeidsdeltaking i samarbeid med involverte aktørar.
Det blir etablert dialog med arbeidsgjevar, eventuelt også Nav, for best mogleg oppfølging/tilrettelegging. Deltakaren vil bli knytt opp til eit team med fysioterapeut, arbeidskonsulent og lege, eventuelt andre fagpersonar ved behov.

Deltakaren betalar ingen eigenandel ved eit opphald på AiR-klinikk.

Opptaksområde

Vi tek inn deltakarar frå heile landet.

Ventetid

Ca. 11 veker. Vi tek inn deltakarar frå heile landet.

Slik søker du opphald til arbeidsretta kartlegging- og vurdering