Her finn du AiR

GPS-koordinatar: 59.702048,8.046830

Med offentleg transport

Haukeliekspressen går frå Oslo, Bergen og Haugesund. Telemarksekspressen går frå Torp/Vestfold, men då må du bytte til Haukeliekspressen i Seljord. Kjem du med buss fra aust eller vest, er det bussbyte i Åmot i Vinje. Herifrå tek du bussen vidare til Esso Rauland servicesenter (er framme kl. 14.25). Her vil du så bli henta med buss frå AiR-klinikk.

Rutetider Haukeliekspressen (NOR-WAY Bussekspress)
Rutetider lokalbuss Åmot – Rauland (Telemark bilruter)

Med bil

Når du kjem til Rauland sentrum (Krossen), tek du av mot Arabygdi/Haukeli. Etter ca. 900 meter tek du til høgre ved skiltet «Rehabiliteringssenter».

Avstandar

Oslo: Ca. 210 kilometer
Bergen: Ca. 260 kilometer
Kristiansand: Ca. 250 kilometer

Rehabiliteringssenteret ligg kun to kilometer frå Rauland sentrum, der du finn fleire matbutikkar, sportsbutikk, bensinstasjon, kafear og andre butikkar.