Arbeidsretta rehabilitering, delt opphald 8 + 4 dagar i Rauland

  • Opplegget er gruppebasert, men med individuell tilpassing
  • Du bur på AiR i to periodar, fyrst åtte dagar, deretter heime i to veker, før du kjem att fire dagar
  • Tilbodet er delvis digitalt
  • Du får ei heilheitleg vurdering av funksjonen din. Ut frå det finn me saman tiltak som kan betre helserelaterte og sosiale problem som set den tilbake, i arbeid eller i livet elles
  • Målet er at du, trass i helseutfordringar, skal finne gode tiltak som gjer at du kan halde fram i eller koma tilbake til arbeid/utdanning

Du medverkar aktivt i din eigen prosess ved å bli bevisst og auke fokuset på kva som er mogeleg for deg å få til. Gjennom kartlegging, samtalar, ulike aktivitetar og planarbeid i lag med fagpersonar i tverrfaglege team (lege, arbeidskonsulent, psykolog/samtaleterapeut, fysioterapeut og idrettspedagog) jobbar du deg fram til kva for tiltak som må til for best mogeleg funksjon og balanse i arbeidsliv og privatliv.

Fysisk aktivitet er ein viktig del av opphaldet. Du vil få innføring i ulike treningsformer.

Fagteamet vil hjelpe deg til å halde fokus på bevisstgjering, utvikling og meistring under heile opphaldet.

Opptaksområde

Vi tek inn deltakarar frå heile landet

 

Ventetid

Vanlegvis 8-9 veker

Tilbodet er for deg som:
  • er sjukemeld, eller har nedsett arbeidsevne  
  • er i yrkesaktiv alder frå 18 år og oppover, med realistisk moglegheit for og mål om å vera i arbeid eller utdanning 
  • har vanskar med  vera borte ein lengre samanhengande periode pga. (gradert) jobb og/eller familiære årsaker
Du kan søkje plass: 
  • viss helsesituasjonen din er tilstrekkeleg utgreidd av helsepersonell 
  • viss målet ditt er å koma tilbake til eller halde deg i jobb og/eller utdanning