Nyttig info for deg som har fått plass på AiR

På AiR-klinikk blir du del av ei gruppe med andre deltakarar. Kvar gruppe blir fylgd opp av eit eige fagteam med lege, arbeidskonsulent, samtaleterapeut (psykolog/sjukepleiar), fysioterapeut og idrettspedagog. Dei fyrste dagane vil:

  • dine utfordringar og plager bli kartlagt.
  • du blir introdusert for ulike undervisningstema og treningsaktivitetar.
  • du få tildela din eigen primærkontakt i teamet. Primærkontakten vil blant anna bistå deg i arbeidet med å lage handlingsplan for kva som skal skje etter opphaldet på AiR-klinikk. Den ferdige handlingsplanen skal vere forankra i deg sjølv, arbeidsgjevar, fastlege, Nav og eventuelle andre i det lokale hjelpeapparatet.

Opphaldet på AiR-klinikk byr på daglege treningsaktivitetar, undervisning, gruppesamtaler og individuelle samtaler med dei ulike fagpersonane i teamet. Gjennom opphaldet vil du få erfaring med ulike aktivitetar for å auke bevisstgjeringa av eigen funksjonsevne. Dei vanlegaste treningsaktivitetane er:

  • gruppetrening etter psykomotoriske prinsipp i treningsrom
  • gruppetrening i gymnastikksal og oppvarma basseng
  • friluftsaktivitetar

I undervisninga tek vi opp tema som «Kropp og sjel», trening og helse, meistring, kosthald og ernæring. Du vil få rettleiing både individuelt og i grupper for å lære samanhengen mellom tankar, kjensler og kroppens reaksjonar – noko som igjen aukar bevisstgjeringa av eigne ressursar og synleggjere dine val i høve til vidare arbeid.

Om det er behov kan du også få oppfylging av AiR-klinikk i etterkant av opphaldet.

Kost og losji

Du får eige rom med bad og wc på senteret.
Kjøkenet vårt er kjent for å servere sunn og velsmakande mat, og tilbyr diettar som til dømes glutenfri, vegetar, kosthald utan mjølk og kosthald utan svin.

Internett

Det er tilgang til trådløst internett i fellesstovene.

Dette må du ha med deg:

  • Aktuelle røntgenrapporter (du trenger ikke røntgenbildet)
  • Treningstøy og -sko til innebruk
  • Varmt og praktisk tøy til utebruk
  • Tøy til friluftsliv etter årstida
  • Joggesko, fjellsko/gummistøvlar
  • Badedrakt/badebukse
  • Klede du kan ri i
  • Ski, hvis du har, til turar i oppkøyrde løyper
  • Turkopp
  • Dine eigne, faste medisinar for heile opphaldet
  • Toalettsaker (handkle får du her)
  • Tøy til bruk ved hyggekveldar

Ting som kan vere lurt å ta med:

  • Radio/CD og berbar PC med trådløst nettverkskort
  • Musikkinstrument, hobbyutstyr og anna som kan brukast i hobbyromet eller miljøet her
  • Hårfønar
  • Spinningssko, sykkelshorts og gelepute
  • Liten tursekk og termos

Reiseutgifter

Reiseutgifter til og fra AiR-klinikk (ankomst og avreise) blir dekt av Pasientreiser. Reise må skje på billigaste måte med offentleg transport. Du betalar eigenandel som blir trekt frå beløpet du legg ut. Har du spesielle behov, les Pasientreiser sine reglar for bruk av privat bil.