Ekspertbistand
Har du som arbeidsgjevar sjukefråverssaker, med langvarig og/eller ofte gjentekne sjukefråver, der tilrettelegging og vanleg sjukefråversoppfølging ikkje fører fram? AiR tilbyr ekspertbistand som kan hjelpa deg vidare i vanskelege sjukefråverssaker.
Gjennom samtalar med arbeidsgjevar og arbeidstakar skal eksperten kartlegga situasjonen. Målet er å avklara kva som fører til sjukefråveret, og gjera framlegg om tiltak som kan medverka til tilbakeføring til arbeid – eller til å finna ei alternativ løysing der det er aktuelt.
De kan bruka tilskotet til ekspertbistand i ein sjukemeldingsperiode, mellom sjukemeldingsperiodar, eller når den tilsette har gått over på arbeidsavklaringspengar (AAP).
Eksperten vår har lang erfaring frå NAV med å førebyggja og følgja opp sjukefråver og god kompetanse på kommunikasjon, lovverk knytt til sjukefråver, rettleiing i sjukefråverssaker det er vanskeleg å få grep om eller finna gode løysingar på, samt offentleg og privat hjelpeapparat som kan vera aktuelt å kopla på i sjukefråverssaker.
Innhaldet i ekspertbistand kan vera:
- Samtalar med sjukemeld og leiar
- Rettleiing og råd knytt til aktuelle problemområde
- Funksjonsvurdering
- Kopla på offentleg og/eller privat hjelpeapparat som NAV, fastlege, tiltaksverksemder o.l.
- Plan med realistiske tiltak med mål om arbeidsaktivitet
- Formidla kontakt med NAV Arbeidslivssenter for drøfting og godkjenning av søknad
- Hjelp med søknad og refusjonskrav
Tilskotet vert forvalta av NAV som dekker utgifter til ekspertbistand med inntil kr. 20 700,- pr. sak.
Arbeidsgjevar og arbeidstakar må vera samde i at det vil vera nytte i å henta inn ein ekspert i saka. Slik søkjer du:
-
-
-
-
-
- Ta kontakt med NAV arbeidslivssenter for å drøfta søknad og avklara om du kan søkja
- Ta kontakt med ekspert og avtal eit møte
- Logg inn i Altinn og fyll ut søknadsskjema
-
-
-
-