Deltakarerfaringar

Når deltakarane reiser frå rehabiliteringssenteret etter eit fire vekers opphald,
svarar dei på eit spørjeskjema om korleis dei har opplevd tilbodet dei har fått.

Ein høg prosentandel deltakarar er ganske eller svært fornøgd med tilbodet «alt i alt»
som dei fekk på senteret, her er tala for tidsperioden 2015-2018:

Her er noko av det deltakarane svara i 2018:

• 93 % svara at dei i stor/svært stor grad blei tatt imot på ein god måte då dei kom til senteret.
• 68 % meinte at fagpersonane i stor/svært stor grad gav dei tilstrekkeleg rettleiing om korleis
dei kunne meistre problem som fylgje av tilstanden sin.
• 93 % svara at dei i stor/svært stor grad hadde tillit til fagpersonane sin faglege dyktighet.
• 69 % opplevde at fagpersonane i stor/svært stor grad førebudde dei på tida etter opphaldet.
• 60 % opplevde at helseplagene var bedra i løpet av opphaldet
• 54 % opplevde at arbeidsevna var bedra i løpet av opphaldet
• 71 % opplevde at motivasjonen for å koma tilbake i arbeid var bedre i løpet av opphaldet

Kor mange deltakarar er i arbeid etter opphaldet ved AiR? 

Arbeidsdeltaking er eit hovudmål for deltakarar i 4-vekers arbeidsretta rehabilitering.

Figuren under viser andel (%) deltakarar som rapporterte at dei var i arbeid før og etter 4-vekers arbeidsretta rehabilitering.
Dette gjeld dei som rapporterte arbeid med eller utan ytingar som sjukepengar, arbeidsavklaringspengar m.m.
Resultata er utrekna for 2015-2017 samla.