
Alle legar burde lese denne fagboka
Den første boka i Norden som gjev ei samla skildring av fagfeltet arbeidsretta rehabilitering, har også blitt pensum ved NTNU.
– Det at boka har kome på pensum har enormt stor betydning. Dagens klinikarar er ikkje opplærte i å sjå samanhengane mellom arbeid og helse, fortel leiar ved Nasjonalt kompetansesenter for arbeidsrettet rehabilitering og ein av bokas redaktørar, Chris Jensen.
Bokas mål er å nå ut til alle som jobbar med arbeidsretta rehabilitering: Studentar på helsefagutdanningar, helsepersonell, NAV-tilsette, myndigheiter og alle som er interesserte i feltet og eit av dei viktigaste spørsmåla i vår tid:
Korleis hjelpe menneske til å behalde god arbeidsfunksjon?
– Det å få boka inn på pensum betyr utruleg mykje for at helsepersonell blir i stand til å sjå utover sitt eige fagområde, til dømes å sjå kva betydning NAV og arbeidsplassen har, sier Jensen.

Nyttig for fastlegar og andre tilvisarar
Alle som skal søkje pasientar inn til arbeidsretta rehabilitering kan ha nytte av boka, påpeikar ein annan av redaktørane, Stefan Brunvatne.
– Den kan vere nyttig for fastlegar og andre tilvisarar, fordi den både inneheld ei grundig skildring av det rehabiliteringsløpet dei faktisk viser pasientane til og seier noko om kva rolle fastlegane kan spele undervegs i rehabiliteringsprosessen, forklarar han.


Kollega Jensen håpar boka vil bidra til at fleire får auga opp for samanhengane mellom arbeid og helse.
– Arbeidsretta rehabilitering er eit av få fagfelt som for alvor koplar arbeid og helse, og ser samanhengen mellom dei to områda. Å behandle dei kvar for seg er uheldig, for til saman betyr dei mykje for at folk kan leve meiningsfulle liv, avsluttar Jensen.
Utgjevinga er ein av fleire milepælar Nasjonalt kompetansesenter for arbeidsretta rehabilitering trekkjer fram i årsmeldinga si for 2023.
Boka er tilgjengeleg i alle vanlege nettbokhandlar og fysisk hos dei fleste fagbokhandlarar.