Årsmelding 2023: Stor helsemessig gevinst etter opphald ved AiR

Over 80 prosent av deltakarane våre har både fysisk og psykisk utbytte av eit opphald i Rauland. Les meir om dette, og fleire nøkkeltal, i oppsummeringa vår av 2023.

– 2023 var eit godt år for AiR. Me bruka året på å vidareutvikle tilboda våre og hadde oppstart av dagtilbod i Oslo, delt opphald i Rauland og fokus på å vidareutvikle AiR UNG, seier direktør Tarjei Urup Helle.

 – Me har også fått mykje utvida kunnskap om både den unge målgruppa og tilbodet vårt, gjennom blant anna eit masterstudie utført av Torunn Berggård, og SINTEF si feltstudie om AiR UNG, seier han vidare.

AiR UNG har knytta til seg fleire nye samarbeidsaktørar og styrkar samspelet mot dei unge deltakarane.

I tillegg er det gjennomført to masterarbeid frå to av våre eigne tilsette, mot denne målgruppa.

 – Dette gjev oss masse informasjon som me kan bruke vidare, seier ein fornøgd Helle.

Her følger ei oppsummering av relevante nøkkeltal frå 2023:

AiR-direktør Tarjei Urup Helle. Foto: Gudrun Semons.
Fakta om AiR

Rehabiliteringssenteret AiR hadde 813 deltakarar inne til rehabilitering i 2023.

Samla for dei siste fem åra er talet 3752. Desse fordeler seg på seks ulike tilbod (klikk for å lese meir): 

Fysioterapeut Espen Arnesen under ei rørsleøkt ved AiR. Bevegelsestrening er ein sentral del av rehabiliteringa. Foto: AiR
Kva er arbeidsretta rehabilitering?

Arbeidsretta rehabilitering i spesialisthelsetenesta har arbeid som mål, ser helse og arbeid i samanheng og varer over tid.

Sentrale element i rehabiliteringa er å løfte fram deltakarens ressursar framfor diagnosane, la ho eller han oppleve meistring, utvikle meistringsstrategiar og sette seg i førarsetet for eige liv.

Dette skjer mellom anna gjennom fysisk aktivitet og trening, undervisning, rettleiing og samtalar. 

Les historia om Marit som fekk livet forandra med AiR. 

Marit Westum (60) si angst for å reise kollektivt, vart også redusera etter AiR-opphaldet. Foto: AiR
Helsemessige gevinstar 

Av alle deltakarane ved døgnbasert arbeidsretta rehabilitering ved AiR i 2023 oppgir ein svært stor del at dei har hatt helsemessig utbyte av opphaldet: 

  • 85 % når det gjeld psykisk helse
  • 89 % når det gjeld fysisk helse
Kjønn 

I snitt for dei siste fem åra er 71 % av deltakarane kvinner, 29 % er menn. 

Denne kjønnsfordelinga har halde seg stabil dei siste 10 åra, og korresponderer i stor grad med langtidssjukemeldingsstatistikken frå NAV.  

I den yngste gruppa (18 – 29 år) er andelen menn 42 % og kvinner 58 %. 

Alder 

I 2023 var gjennomsnittsalderen for deltakarane 44,9 år. Dette er noko lågare enn for perioden 2019-2022, der snittalderen var 45,7 år.

Dette heng saman med den nye satsinga på tilbodet  AiR UNG.

Deltakartalet i gruppa 40-60 år har gått tilsvarande ned.

Samansette diagnosar 

Med unntak av CFS/ME-tilbodet er tilboda ved AiR diagnoseuavhengige. Deltakarane i arbeidsretta rehabilitering er berre unntaksvis rekrutterte frå sjukehusa, men direkte frå fastlegar, gjerne etter oppmoding frå NAV.

Gruppa er kjenneteikna av samansette, diffuse plager, ofte med lettare P-diagnosar og muskel- og skjelettsmerter. Desse utfordringane hindrar dei i å vere i arbeid, og treng spesialkompetanse i tverrfagleg og samtidig tilnærming til helse og arbeid, som varer over tid.

Pasientane har gjerne ikkje hatt tilstrekkeleg utbytte av tenestene i det kommunale hjelpeapparatet, men vil profittere på intensiv og spesialisert tverrfagleg tilnærming.  

Sjukemeldingsstatus 

I perioden 2018-2021 var om lag 10% ikkje sjukemelde ved ankomst.

Dette talet har endra seg mykje, og i 2023 var det berre 5 % i denne gruppa.

Andelen som har vore sjukemelde meir enn eit halvt år har auka frå 52 % til 61 % dei siste fem åra. 

Utsikt frå AiR i Rauland. Foto: AiR
Resultatdata

Aktiv bruk av resultatdata er viktig for å kunne måle resultat og effektar av arbeidet, slik at vi kan sette inn nødvendig kvalitets- og utviklingsarbeid for at tilboda skal bli best mogleg, både for deltakarane og sett i eit samfunnsnytteperspektiv.

Samstundes blir det mogleg å finne kva for deltakarar som har størst rehabiliteringspotensiale, slik at vi i større grad kan rekruttere dei rette deltakarane til det rette tilbodet til rett tidspunkt i sjukefråværsforløpet.

Denne erfaringa og kompetansen kjem også til nytte ved utvikling av nye tilbod. 

Eigenvurdert arbeidsevne 

Deltakarane si eiga vurdering av eiga arbeidsevne er ein av dei sikraste prediktorane for faktisk retur til arbeid.

Vi registrerer denne ved ankomst og avreise, samt 6 og 12 månader etter avreise.  

Samla for alle deltakarar ved 4 vekers ARR aukar denne med 1,4 poeng, frå 2,9 til 4,3, på ein skala frå 0 til 10, frå ankomst til 12 månader etter opphald.  

Det er også markant skilnad i utviklinga av eigenvurdert arbeidsevne mellom dei som oppgir å ha eit arbeidstilhøve og dei som ikkje har det.

Dei som ikkje har eit arbeidstilhøve ved ankomst vurderer eiga arbeidsevne til 2 (på ein skala frå 0 til 10). Denne aukar til 2,8 etter 12 månader.

For deltakarar som har eit arbeidstilhøve ved ankomst endrar den eigenvurderte arbeidsevna seg frå 3,1 til 4,6. 

Figur: Utvikling i eigenvurdert arbeidsevne frå ankomst til 12 månader etter opphald. Alle, dei med arbeidstilhøve og dei utan arbeidstilhøve. Samla for alle deltakarar ved døgnbasert arbeidsretta rehabilitering i perioden 2019-2023.

Endringa i eigenvurdert arbeidsevne frå ankomst til 12 månader etter opphald viser også ulike resultat avhengig av kor lenge deltakaren har vore borte frå arbeid.

Endringa (forbetringa) er størst for gruppa som har vore sjukemeld mellom 9 veker og 6 månader før ankomst.  

Forventningar om retur til arbeid 

Også eiga forventning om retur til arbeid er blant dei sikraste prediktorane for faktisk retur til arbeid.

Deltakarane si eiga vurdering av kor lenge det vil vere til forventa retur til arbeid endrar seg vesentleg i løpet av eit opphald.

Andelen som trur dei kjem tilbake innan 1 månad aukar mest. I snitt for perioden 2019-2023 aukar den med om lag 10 prosentpoeng. Andelen som ikkje veit går ned frå 42,5% til 19%. 

Figur: Endring i deltakaranes eiga vurdering av når dei vil returnere til arbeid, vurdert ved ankomst og avreise. Snitt for åra 2019-2023. Deltakarar ved ARR 4 veker.
Faktisk retur til arbeid 

Ved rapportering etter 6 månader meldte 41 % at dei hadde vore i arbeid innan 1 månad. Ved 12 månader var 31 % framleis ikkje i arbeid. 

Figur: Endring i deltakaranes eiga eigenrapporterte retur til arbeid, vurdert etter 6 og 12 månader. Snitt for åra 2019-2023. Deltakarar ved ARR 4 veker.
Samfunnsmessige effektar 

Det er mange måtar å illustrere samfunnsmessige effektar av arbeidsretta rehabilitering.  

Basert på eigne data kan vi leggje til grunn at 1 deltakar på eit firevekers døgnbasert arbeidsretta rehabiliteringstilbod, og som har eit arbeidstilhøve ved ankomst, får redusert sitt fråvær med 9,5 veker.  

Denne deltakargruppa har ein snittalder på 49 år, og kan dermed ha 15 år att av arbeidslivet, og dermed auke arbeidsinnsatsen med 3 årsverk. 

Med svært konservative anslag for løn, arbeidsgjevaravgift og sparte trygdeytingar, basert på AFI og Proba sine modellar, kan vi kalkulere samla gevinst på 1,24 MNOK per deltakar. 

Meir innhald frå AiR:

Personvernerklæring

Hvem vi er

Vår nettstedsadresse er: https://rehabilitering.no 

Kommentarer 

Når besøkende legger inn kommentarer på siden, lagres informasjonen gitt inn i kommentarskjemaet i tillegg til IP-adressen til den besøkende og den besøkendes nettleserversjon. Dette gjøres for å bidra til å unngå useriøse kommentarer. En anonym tekststreng generert på grunnlag av e-postadressen din (også kalt en «hash») kan bli sendt til tjenesten Gravatar for å undersøke om du har en konto der. Personvernerklæringen til Gravatar ligger her: https://automattic.com/privacy/. Etter at kommentaren din er blitt godkjent, vil profilbildet ditt være synlig for hvem som helst i forbindelse med kommentaren din. 

Informasjonskapsler 

Hvis du legger inn en kommentar på dette nettstedet, kan du be oss om å huske navn, e-post og nettsted. Denne informasjonen lagres i en informasjonskapsel og er der for å gjøre ting lettere for deg. Du trenger da ikke å gi inn denne informasjonen på nytt neste gang du legger inn en kommentar. Disse informasjonskapslene utløper etter ett år. Om du besøker vår innloggingsside, vil vi opprette en midlertidig informasjonskapsel for å avgjøre om nettleseren din aksepterer informasjonskapsler. Denne informasjonskapselen inneholder ingen personopplysninger og forsvinner så snart du lukker nettleseren din. Når du logger deg inn, blir det opprettet informasjonskapsler som lagrer innloggingsinformasjonen din og valg du har tatt når det gjelder hvordan innhold skal vises. Informasjonskapsler med innloggingsinformasjon utløper etter to dager, mens de med visningsvalg varer i ett år. Hvis du krysser av for &lauot;Husk meg»t;, vil innloggingsinformasjonen din oppbevares i to uker. Hvis du logger deg ut av kontoen din, vil disse informasjonskapslene forsvinne.

Innebygd innhold fra andre nettsteder 

Artikler på denne siden kan inkludere innebygd innhold (f.eks. videoer, bilder, artikler osv.). Innebygd innhold fra andre nettsteder oppfører seg på nøyaktig samme måte som om den besøkende hadde besøkt nettstedet som det innebygde innholdet kommer fra. Disse nettstedene kan samle inn opplysninger om deg, bruke informasjonskapsler, bygge inn sporingssystemer fra tredjeparter og overvåke hva du gjør via dette innebygde innholdet. Dette omfatter også sporing av handlingene dine via det innebygde innholdet dersom du har en konto og er logget inn på nettstedet. 

Hvem vi deler dine opplysninger med 

Om du ber om at passordet tilbakestilles, vil din IP-adresse tas med i e-posten om tilbakestilling av passord. 

Hvor lenge vi oppbevarer opplysninger om deg 

Hvis du legger igjen en kommentar, blir kommentaren og informasjon om kommentaren lagret på ubestemt tid. Dette er for at vi kan gjenkjenne oppfølgingskommentarer og godkjenne dem automatisk i stedet for å legge dem i en kø der de må godkjennes manuelt av en redaktør. For brukere som registrerer seg på dette nettstedet (dersom denne muligheten eksisterer), lagres det også personopplysninger som de oppgir i brukerprofilen sin. Alle brukere kan se, redigere og slette sine egne personopplysninger når som helst (bortsett fra brukernavn). Nettstedets administratorer kan også se og redigere denne informasjonen. 

Rettighetene dine når det gjelder opplysninger om deg 

Hvis du har en konto på dette nettstedet eller har lagt igjen kommentarer, kan du be om å få en eksportfil som inneholder personopplysningene vi har om deg. Dette omfatter all data du har gitt oss. Du kan også be om at vi sletter alle personopplysninger vi har om deg. Dette omfatter ikke opplysninger vi er pålagt å lagre av administrative, juridiske eller sikkerhetsmessige årsaker.