Arbeidsretta rehabilitering, fire veker

  • Opplegget er gruppebasert, men med individuell oppfylging.
  • Du bur på AiR gjennom heile opphaldet. 
  • Du får ei tverrfagleg vurdering av din funksjon, og ut frå det finn me saman tiltak som kan betre helserelaterte og sosiale problem som bidrar deg i arbeid eller livet elles.
  • Målet at du, trass helseutfordringar, skal finne gode tiltak som gjere at du kan halde på, eller koma, tilbake til arbeid.

Du bidreg aktivt i din eigen prosessen ved å bli bevisst og auke fokuset på kva som er mogleg for deg å få til.
Gjennom kartlegging, samtaler, ulike aktivitetar og målarbeid i lag med fagpersonar i tverrfagleg team (lege, arbeidskonsulent, psykolog/samtaleterapeut, fysioterapeut og idrettspedagog) jobbar du deg fram til kva tiltak som må til for best mogleg funksjon og balanse i arbeidsliv og privatliv.

Fysisk aktivitet er ein viktig del av opphaldet og du vil få innføring i ulike treningsformer.

Fagteamet vil hjelpe deg til å halde fokus på bevisstgjering, utvikling og meistring under heile opphaldet.

Opptaksområde

Vi tek inn deltakarar frå heile landet.

Ventetid

Ca. 9 veker

Slik søker du opphald for arbeidsretta rehabilitering

Tilbodet er for deg som:

  • er sjukemeld, eller har nedsett arbeidsevne som hindrar deg i å skaffe eller behalde arbeid.
  • er i yrkesaktiv alder frå 18 år og oppover, med realistisk moglegheit for og ynskje om å vera i arbeid

 

Du kan søke plass:

  • viss helsesituasjonen din er tilstrekkeleg utgreidd av helsepersonell
  • viss målet ditt er å koma tilbake i jobb
  • viss det ikkje finst lokale tilbod/tiltak der du bur
  • viss relevante lokale tilbod/tiltak er prøvd ut utan at helsa di har blitt god nok for å koma i arbeid