Resultat av tilboda ved AiR

Rehabiliteringssenteret AiR hadde 723 deltakarar inne til rehabilitering i 2022. Desse fordeler seg på fire ulike tilbod: 

Samla tal deltakarar er regulert av avtalar me har med Helse Sør-Øst, som, etter anbodskonkurranse, kjøper ulike tenester av oss for å kunne oppfylle sitt eige sørge-for-ansvar. I 2020 var tal deltakarar om lag 17% lågare enn snittet for dei andre åra i perioden 2018-2022, som følgje av at klinikken måtte halde koronastengt ein periode.

 

Deltakarane 

Med unntak av CFS/ME-tilbodet er tilboda ved AiR diagnoseuavhengige. Deltakarane kjem med samansette utfordringar, gjerne kjenneteikna av lettare psykiske utfordringar, muskel- og skjelettplager og smerteproblematikk. 70% av deltakarane er kvinner, 30 % er menn. 

Denne kjønnsfordelinga har halde seg stabil dei siste 10 åra, og korresponderer i stor grad med langtidssjukemeldingsstatistikken frå NAV. Blant deltakarane på tilbodet om fire veker døgnbasert ARR har 90% vore sjukemelde i over 9 veker, 63 % over 7 månader. 

I perioden 2018—2021 var om lag 10% ikkje sjukemelde ved ankomst. Dette talet har endra seg mykje, og i 2022 var det berre 2 % i denne gruppa. Forklaringa på dette er nok samansett. Ikkje minst heng det saman med at me har hatt ein vesentleg høgare andel unge vaksne. I tillegg er det fleire som har AAP (arbeidsavklaringspengar), og dei vurdere ofte sjølve at dei ikkje er sjukemelde.

I 2022 var gjennomsnittsalderen for deltakarane 45 år. Dette er noko lågare enn for perioden 2018-2021, der snittalderen var 48 år. I 2022 har andelen unge vaksne (18-30 år) blitt dobla samanlikna med tidlegare år, som følgje av den nye satsinga på tilbodet UngRehab, deltakartalet i gruppa 40-60 har gått tilsvarande ned.

I 2022 kom om lag 59 % av deltakarane kjem frå Vestfold og Telemark, 20 % frå Viken og 10 % frå Agder. Andelen frå Vestfold og Telemark har auka dei siste åra, på kostnad av deltakartalet frå Agder.

 

Deltakarerfaringar

Ved avreise fyller alle deltakarane ut pasienterfaringsskjema (frå Folkehelseinstituttet). Data frå dette blir sendt vidare til nasjonale register, men blir også brukt internt.

Deltakarane har alle dei siste fem åra rapportert at dei er svært nøgde og ganske nøgde med opphaldet, alle opphalda sett under eitt, med noko lågare verdiar for koronaåret 2020.

Deltakarane rapporterte også at dei i stor grad har hatt utbyte av opphaldet. Her er det likevel noko skilnad mellom dei ulike tilboda. Særleg er det lågare eigenrapportert utbyte for deltakarar ved CFS/ME-tilbodet. Dette kan henge saman med at deltakarane her ofte er lengre ut i sjukemeldingsperioden, at dei har dårlegare helse, og at dette er eit diagnosespesifikt tilbod, der det er vanskelegare å halde fokus på ressursar og moglegheiter, framfor felles diagnosar.

 
Resultat av tilboda 

Aktiv bruk av resultatdata er viktig for å kunne måle resultat og effektar av arbeidet, slik at me kan sette inn nødvendig kvalitets- og utviklingsarbeid for at tilboda skal bli best mogleg, både for deltakarane og sett i eit samfunnsnytteperspektiv. Samstundes blir det mogleg å finne kva for deltakarar som har størst rehabiliteringspotensiale, slik at me i større grad kan rekruttere dei rette deltakarane til det rette tilbodet til rett tidspunkt i sjukefråversforløpet. Denne erfaringa og kompetansen kjem også til nytte ved utvikling av nye tilbod.

Eigenvurdert arbeidsevne

Deltakarane si eiga vurdering av eiga arbeidsevne er ein av dei sikraste prediktorane for faktisk retur til arbeid. Me registrerer denne ved ankomst og avreise, samt 6 og 12 månader etter avreise.  

Samla for alle deltakarar ved 4 vekers ARR aukar denne med 1,5 poeng, frå 3 til 5, på ein skala frå 0 til 10, frå ankomst til 12 månader etter opphald. For deltakarar som har vore sjukmelde mindre enn 9 veker er endringa mindre tydeleg, men dei vurderer også eiga arbeidsevne høgare ved ankomst.

Forventa retur til arbeid

Også eiga forventning om retur til arbeid er blant dei sikraste prediktorane for faktisk retur til arbeid (RTW). Deltakarane si eiga vurdering av kor lenge det vil vere til forventa retur til arbeid endrar seg vesentleg i løpet av eit opphald. Andelen som trur dei kjem tilbake innan 3 månadar aukar mest. I snitt for perioden 2018-2022 aukar den med om lag 10 prosentpoeng. Andelen som ikkje veit går tilsvarande ned.

Eigenrapportert arbeidsdeltaking

Den eigenrapporterte arbeidsdeltakinga aukar frå eit snitt på 50 % ved ankomst dei siste åra til om lag 70% etter 12 månader. Dette er relativt høgt samanlikna med tal frå kvalitetsregisteret, frå forsking, og også samanlikna med registerdata frå NAV for den same populasjonen. Det er interessant å merke seg at arbeidsdeltakinga aukar lenge etter rehabiliteringsopphaldet, noko som viser at rehabiliteringa har varig effekt på retur til arbeid.

Nasjonalt kvalitetsregister for arbeidsretta rehabilitering

Rehabiliteringssenteret AiR leverer data til og tek del som aktiv part i det nasjonale kvalitetsregisteret for arbeidsretta rehabilitering. Føremålet er å medverka til utvikling innan feltet arbeidsretta rehabilitering og til å heve kvaliteten på tenestene.

Registerdata frå NAV

Ei stor utfordring ved kartlegginga etter 6 og 12 månader er at det er vanskeleg å oppnå høg nok responsrate, resultata er dermed usikre. For å validere desse hentar me årleg registerdata frå NAV for arbeidsdeltaking og utdanning på individnivå. Desse stadfestar resultata våre. Retur til arbeid (og respektivt fråver av ytingar) for deltakarane våre korresponderer også godt med forskingsresultat (mellom anna Hysnes-studien og Øyeflaten).

Personvernerklæring

Hvem vi er

Vår nettstedsadresse er: https://rehabilitering.no 

Kommentarer 

Når besøkende legger inn kommentarer på siden, lagres informasjonen gitt inn i kommentarskjemaet i tillegg til IP-adressen til den besøkende og den besøkendes nettleserversjon. Dette gjøres for å bidra til å unngå useriøse kommentarer. En anonym tekststreng generert på grunnlag av e-postadressen din (også kalt en «hash») kan bli sendt til tjenesten Gravatar for å undersøke om du har en konto der. Personvernerklæringen til Gravatar ligger her: https://automattic.com/privacy/. Etter at kommentaren din er blitt godkjent, vil profilbildet ditt være synlig for hvem som helst i forbindelse med kommentaren din. 

Informasjonskapsler 

Hvis du legger inn en kommentar på dette nettstedet, kan du be oss om å huske navn, e-post og nettsted. Denne informasjonen lagres i en informasjonskapsel og er der for å gjøre ting lettere for deg. Du trenger da ikke å gi inn denne informasjonen på nytt neste gang du legger inn en kommentar. Disse informasjonskapslene utløper etter ett år. Om du besøker vår innloggingsside, vil vi opprette en midlertidig informasjonskapsel for å avgjøre om nettleseren din aksepterer informasjonskapsler. Denne informasjonskapselen inneholder ingen personopplysninger og forsvinner så snart du lukker nettleseren din. Når du logger deg inn, blir det opprettet informasjonskapsler som lagrer innloggingsinformasjonen din og valg du har tatt når det gjelder hvordan innhold skal vises. Informasjonskapsler med innloggingsinformasjon utløper etter to dager, mens de med visningsvalg varer i ett år. Hvis du krysser av for &lauot;Husk meg»t;, vil innloggingsinformasjonen din oppbevares i to uker. Hvis du logger deg ut av kontoen din, vil disse informasjonskapslene forsvinne.

Innebygd innhold fra andre nettsteder 

Artikler på denne siden kan inkludere innebygd innhold (f.eks. videoer, bilder, artikler osv.). Innebygd innhold fra andre nettsteder oppfører seg på nøyaktig samme måte som om den besøkende hadde besøkt nettstedet som det innebygde innholdet kommer fra. Disse nettstedene kan samle inn opplysninger om deg, bruke informasjonskapsler, bygge inn sporingssystemer fra tredjeparter og overvåke hva du gjør via dette innebygde innholdet. Dette omfatter også sporing av handlingene dine via det innebygde innholdet dersom du har en konto og er logget inn på nettstedet. 

Hvem vi deler dine opplysninger med 

Om du ber om at passordet tilbakestilles, vil din IP-adresse tas med i e-posten om tilbakestilling av passord. 

Hvor lenge vi oppbevarer opplysninger om deg 

Hvis du legger igjen en kommentar, blir kommentaren og informasjon om kommentaren lagret på ubestemt tid. Dette er for at vi kan gjenkjenne oppfølgingskommentarer og godkjenne dem automatisk i stedet for å legge dem i en kø der de må godkjennes manuelt av en redaktør. For brukere som registrerer seg på dette nettstedet (dersom denne muligheten eksisterer), lagres det også personopplysninger som de oppgir i brukerprofilen sin. Alle brukere kan se, redigere og slette sine egne personopplysninger når som helst (bortsett fra brukernavn). Nettstedets administratorer kan også se og redigere denne informasjonen. 

Rettighetene dine når det gjelder opplysninger om deg 

Hvis du har en konto på dette nettstedet eller har lagt igjen kommentarer, kan du be om å få en eksportfil som inneholder personopplysningene vi har om deg. Dette omfatter all data du har gitt oss. Du kan også be om at vi sletter alle personopplysninger vi har om deg. Dette omfatter ikke opplysninger vi er pålagt å lagre av administrative, juridiske eller sikkerhetsmessige årsaker.