AiR UNG

Hausten 2021 etablerte AiR eit nytt tilbod til unge vaksne som treng å gå helsevegen tilbake til arbeid.

Medisin mot utanforskap 

Hausten 2021 starta AiR eit nytt landsdekkande tilbod til unge vaksne innan – UngRehab. Tilbodet er for dei mellom 18 og 30 år som ikkje har kome inn i, eller står i fare for å ramle ut av, utdanning eller arbeid, fordi dei har for store helseutfordringar. Målet er å få dei inn i utdanning eller arbeid trass desse utfordringane. Arbeid er målet. Og medisinen.

Livsendrande og livsforbetrande 

I løpet av 4 veker ved Rehabiliteringssenteret AiR i Rauland, får dei unge vaksne styrkt helse og auka arbeidsmotivasjon, gjennom dagleg fysisk aktivitet, ulike former for undervisning, samtalar og mental trening. Dei blir møtt og sett av eit tverrfagleg team av legar, psykologar, fysioterapeutar, idrettspedagogar og arbeidskonsulentar, som jobbar etter ein biopsykososial modell, der helse blir forstått som noko som vert påverka av fleire faktorar, og der deltakarane får hjelp til å sette seg i førarsetet for eigne liv. Teamet legg til rette for og deltek i eit breitt spekter av aktivitet. Dette gjev unike moglegheiter til å sjå ressursar, styrker og talent, som tidlegare ikkje har vore sett, verken av omgjevnadane eller deltakaren sjølv. Deltakarane får ei oppleving av meistring, å høyre til i ei gruppe, dei trener på struktur i kvardagen, forstår eigne åtferdsmønster og får auka medvit om arbeidsrelaterte tema. Dette er aktivitetar som blir sett i samanheng, som varer over tid og gir sjølvtillit, meistringstru og sosial kapital. Tilbodet er gruppebasert, men individuelt tilpassa. Gruppa er ein sentral treningsarena for sosiale ferdigheiter, der medlemmene gir kvarandre hjelp og støtte, og får ei ny kjensle av fellesskap og normalitet. 

Tilbod til mange 

Sidan oppstarten i 2021 har om lag 140 unge menneske fått hjelp gjennom dette programmet.

Gode resultat 

I samarbeid med Nasjonalt kvalitetsregister for arbeidsretta rehabilitering gjennomfører me systematisk resultatmåling ved oppstart og avslutting av opphaldet og 6 og 12 månader etter. UngRehab kan vise til svært gode resultat, som også er betre enn samanlikningsgruppa vaksne. 75 % av deltakarane har positivt utslag på fysisk helse. 77% melder om utbytte for psykisk helse. 67% av deltakarane har auka arbeidsmotivasjon etter opphaldet. 87% melder om at dei er nøgd med tilbodet. 

Den eigenrapporterte arbeidsevna aukar med 9 prosentpoeng mellom innkomst og avreise. Arbeidsevna held fram med å stige i tida etter opphaldet, og 6 månader etter tilbodet er 81%, av dei som svarar, heilt eller delvis i arbeid eller utdanning. Fleire av deltakarane har bygd opp tilstrekkeleg funksjon til å kunne ta del i arbeid og utdanning etter eit opphald, og har såleis fått eit livsendrande tilbod. Me ser likevel at det ligg store moglegheiter knytt til betre førebuing, oppfylging og «ettervern».

Treng meir kunnskap og kompetanse 

Mange har plager dei må stri med i lang tid, og sjølv om opphaldet ved AiR bidrar til å styrke kvar einskild slik at vedkomande kan handtere helseutfordringane sine betre, og slik få auka livskvalitet og funksjon, er det mange som treng oppfylging i etterkant, både når det gjeld helse, utdanning og arbeid. Frå arbeidsretta rehabilitering for vaksne veit me at både god førebuing før og oppfylging etter opphald har stor effekt på varige resultat når det gjeld retur til arbeid (RTW). Å vite at ein skal møtast att gir motivasjon til å halde seg til nye betre livsmønster. 

For gruppa unge vaksne, som er kjenneteikna av større utfordringar knytt til livsstil, struktur og krevjande relasjonar, antar me at effekten av god førebuing, kortare reopphald og andre former for oppfylging etter opphald vil vere store. Dette ynskjer me no å utvikle og teste ut, i samarbeid med lokale oppfylgingsaktørar, slik som psykisk helse, NAV eller oppfylgingstenesta, der den einskilde bur og lever.

Helsevegen frå utanforskap til innanforskap 

2 heile årskull i alderen 18-30 står no i fare for varig å ikkje kunne ta del i arbeidslivet. Dette har store samfunnsmessige konsekvensar, men ikkje minst er det utfordrande for einskildmennesket. Arbeid er både identitetsskapande og helsebringande. For svært mange unge er det helsemessige årsaker til at dei ikkje har kome inn i eller er i arbeid. I internasjonal samanheng er den helserelaterte utanforskapen frå arbeidslivet i Noreg svært høg. Den helserelaterte utanforskapen skuldast ikkje berre spesifikke medisinske diagnosar. Oftare ser me diffuse og samansette helseproblem, sosiale skilnadar, trøblete oppvekst og mangel på meistringsopplevingar. 

Folkehelseinstituttet peikar på dårleg kosthald og fysisk inaktivitet som dei store utfordringane framover, og som heng nært saman med psykiske lidingar og muskel- og skjelettplager. Helseutfordringane kan stenge einskildindivida ute frå viktige (samfunns)fellesskap og meistringsarenaer. Dessverre opplever unge i dag å møte eit fragmentert hjelpeapparat, og dei opplever å bli sende frå den eine spesialisten til den neste som alle fokuserer på problema og ikkje moglegheitene. På sett og viss kan me seie at mange etter kvart identifiserer seg med diagnosen sin. 

Dei unge saknar å bli sett på som heile menneske med sin eigenverdi. For å få til det må helse, utdanning og arbeid sjåast i samanheng, på tvers av tradisjonelle sektorskilje. Arbeidsretta rehabilitering i spesialisthelsetenesta er eit tilbod som kan svare på dette. Tenestene byggjer på ei heilskapleg og tverrfagleg tilnærming, der arbeid og helse, kropp og sjel blir sett i samanheng.

Personvernerklæring

Hvem vi er

Vår nettstedsadresse er: https://rehabilitering.no 

Kommentarer 

Når besøkende legger inn kommentarer på siden, lagres informasjonen gitt inn i kommentarskjemaet i tillegg til IP-adressen til den besøkende og den besøkendes nettleserversjon. Dette gjøres for å bidra til å unngå useriøse kommentarer. En anonym tekststreng generert på grunnlag av e-postadressen din (også kalt en «hash») kan bli sendt til tjenesten Gravatar for å undersøke om du har en konto der. Personvernerklæringen til Gravatar ligger her: https://automattic.com/privacy/. Etter at kommentaren din er blitt godkjent, vil profilbildet ditt være synlig for hvem som helst i forbindelse med kommentaren din. 

Informasjonskapsler 

Hvis du legger inn en kommentar på dette nettstedet, kan du be oss om å huske navn, e-post og nettsted. Denne informasjonen lagres i en informasjonskapsel og er der for å gjøre ting lettere for deg. Du trenger da ikke å gi inn denne informasjonen på nytt neste gang du legger inn en kommentar. Disse informasjonskapslene utløper etter ett år. Om du besøker vår innloggingsside, vil vi opprette en midlertidig informasjonskapsel for å avgjøre om nettleseren din aksepterer informasjonskapsler. Denne informasjonskapselen inneholder ingen personopplysninger og forsvinner så snart du lukker nettleseren din. Når du logger deg inn, blir det opprettet informasjonskapsler som lagrer innloggingsinformasjonen din og valg du har tatt når det gjelder hvordan innhold skal vises. Informasjonskapsler med innloggingsinformasjon utløper etter to dager, mens de med visningsvalg varer i ett år. Hvis du krysser av for &lauot;Husk meg»t;, vil innloggingsinformasjonen din oppbevares i to uker. Hvis du logger deg ut av kontoen din, vil disse informasjonskapslene forsvinne.

Innebygd innhold fra andre nettsteder 

Artikler på denne siden kan inkludere innebygd innhold (f.eks. videoer, bilder, artikler osv.). Innebygd innhold fra andre nettsteder oppfører seg på nøyaktig samme måte som om den besøkende hadde besøkt nettstedet som det innebygde innholdet kommer fra. Disse nettstedene kan samle inn opplysninger om deg, bruke informasjonskapsler, bygge inn sporingssystemer fra tredjeparter og overvåke hva du gjør via dette innebygde innholdet. Dette omfatter også sporing av handlingene dine via det innebygde innholdet dersom du har en konto og er logget inn på nettstedet. 

Hvem vi deler dine opplysninger med 

Om du ber om at passordet tilbakestilles, vil din IP-adresse tas med i e-posten om tilbakestilling av passord. 

Hvor lenge vi oppbevarer opplysninger om deg 

Hvis du legger igjen en kommentar, blir kommentaren og informasjon om kommentaren lagret på ubestemt tid. Dette er for at vi kan gjenkjenne oppfølgingskommentarer og godkjenne dem automatisk i stedet for å legge dem i en kø der de må godkjennes manuelt av en redaktør. For brukere som registrerer seg på dette nettstedet (dersom denne muligheten eksisterer), lagres det også personopplysninger som de oppgir i brukerprofilen sin. Alle brukere kan se, redigere og slette sine egne personopplysninger når som helst (bortsett fra brukernavn). Nettstedets administratorer kan også se og redigere denne informasjonen. 

Rettighetene dine når det gjelder opplysninger om deg 

Hvis du har en konto på dette nettstedet eller har lagt igjen kommentarer, kan du be om å få en eksportfil som inneholder personopplysningene vi har om deg. Dette omfatter all data du har gitt oss. Du kan også be om at vi sletter alle personopplysninger vi har om deg. Dette omfatter ikke opplysninger vi er pålagt å lagre av administrative, juridiske eller sikkerhetsmessige årsaker.