Dei siste åra har fagfeltet arbeidsretta rehabilitering vore i sterk endring – kanskje sterkare og raskare enn nokon gong. Deltakargruppene endrar seg, digitalisering gjer seg gjeldande, og oppdragsgjevarane vil ha rimelegare og raskare tilbod.
- Etter kvart som arbeidslivet har endra seg har også målgruppene endra seg; frå den slitne industriarbeidaren midt på 1980-talet, som ikkje fann løysingar på sine helseutfordringar i bedriftshelsetenestene, til godt vaksne kvinner med samansette helseutfordringar, der livet har sett seg i kroppen. Dei aller siste åra har arbeidsretta rehabilitering blitt drøfta som eit aktuelt tiltak for å hjelpe unge utanfor arbeid og utdanning tilbake.
- Digitalisering av rehabiliteringstilboda skaut fart etter at landet vart stengt ved starten av koronaepidemien i 2020, og har vore vesentleg for utvikling av nye tenester, der fysiske og digitale tenester blir kombinert.
- Fleire nye private kommersielle aktørar kjem på banen og pressar ut etablerte, ofte ideelle verksemder.
Enkelte av endringane har kome som følge av endra ytre rammevilkår og samfunnsmessige utfordringar, andre som følge av utvikling av det tverrfaglege fagfeltet arbeidsretta rehabilitering og behovet for samhandling med eksterne aktørar, og andre igjen er drivne fram av behov for rasjonelle og kvalitativt betre driftsmodellar. Nokre av endringane har gått føre seg gradvis og gjennom løpande systematisk kvalitetsforbetringsarbeid. Andre har vore meir radikale innovasjonar, gjerne utløyst av medvitne strategiske vurderingar. Utbrotet av koronapandemien våren 2020 med omfattande nasjonale smitteverntiltak, som mellom anna medførte at AiR var heilt stengt i knappe to månader og hadde redusert drift i fire, sette fart i endringsviljen.
Unge utanfor arbeidsliv og utdanning
Ein av dei største utfordringane i åra som kjem er å få fleire i arbeid. Aukande levealder og låge fødselstal gjer at forsørgarbyrda aukar. Dette trugar fundamentet for heile velferdsstaten. I tillegg er det å stå utanfor arbeidslivet og fellesskapen ei stor påkjenning, både for den det gjeld og det nærmaste nettverket. Utanforskap blant unge vaksne er eit særleg stort problem.
Hausten 2021 opna Rehabiliteringssenteret AiR dørene for ei ny stor satsing: UngRehab. Tilbodet byggjer på dei velkjende hovudpillarane i arbeidsretta rehabilitering, og skal hjelpe unge vaksne 18-30 år tilbake til, eller inn i, utdanning eller arbeid.
Dagleg fysisk aktivitet, struktur i kvardagen, gruppeaktivitetar og undervisning om arbeidslivet er dei viktigaste elementa i tilbodet. Slik blir grunnlaget lagt for at deltakaren kan kome tilbake til arbeid eller skaffe seg arbeid, og til å gjere seg nytte av verkemiddel og tiltak som er tilgjengelege gjennom lokale tilbod frå helsevesen og Nav.
Digitalisering av rehabiliteringstilbodet
Stenginga som følge av nasjonale smittevernreglar knytt til koronautbrotet gjorde at også AiR blei tvunge til å sjå på digitalisering av arbeidsretta rehabilitering på ein ny måte. I første omgang var motivasjonen å redusere sårbarheita. Etter kvart blei det lagt auka vekt på at kompetanse og nyutvikla teknologi kan legge grunnlaget for utvikling av betre tenester, nye tenester og tenester til nye målgrupper.
Digitalisering har gjort drifta mindre sårbar. Dersom tilsette blir sjuke eller må vere borte frå jobb kan mykje av undervisninga bli gjennomført digitalt, direkte via møteprogram som Teams eller ved bruk av digitalt undervisningsmateriell, og det vil vere lettare for vikarar å fasilitere undervisningsøkter basert på digitalt standardmateriell. Dersom deltakarar blir sjuke eller av andre grunnar må vere borte frå undervisning, vil dei ha tilgang til videoar, forelesingsnotat og anna materiell via digital plattform. Dersom AiR må stenge heilt, eller sende ein eller fleire grupper heim, vil det nye deltakarintranettet vere ein plattform for publisering av undervisningsmateriell, timeplan og annan informasjon, og for formidling av undervisning eller treningsøkter.
Digitaliseringa har vidare styrkt det eksisterande tilbodet, mellom anna ved at
- det er etablert betre kontakt med og informasjon til deltakarane før opphaldet, noko som kan styrke motivasjonen og gjere at rehabiliteringa kan kome raskare i gang.
- det er etablert rutinar for oppfølging etter opphaldet, som vil bidra til høgare sannsyn for retur til arbeid. Digital oppfølging etter opphaldet gir dessutan teamet ny kunnskap om korleis deltakarane møter kvardagen etterpå, som igjen vil bli brukt til å gjere undervisninga betre.
- digitale møte gir moglegheit for betre dialog med arbeidsgjevar undervegs.
- digitalt og digitalt tilgjengeleg undervisningsmateriell gir moglegheit for tilbod om fleire differensierte og tilpassa undervisningsøkter.
- deltakarar som av ulike årsaker kan ha problem med å møte opp fysisk vil kunne få likeverdige tilbod med andre.
Fleksible tenester
Digitale løysingar kan ikkje erstatte fysiske møte mellom deltakarar og tverrfaglege team, men kan som tillegg forsterke rehabiliteringa, gjere den meir effektiv, individuelt tilpassa og truleg bidra til betre resultat. Dette inneber at me må utvikle nye tenester og løysingar som styrker den viktige samhandlinga mellom deltakar, arbeidsgjevar, verkemiddelapparat og ulike helsetenester. I følge ei undersøking blant rehabiliteringsinstitusjonar våren 2020 har mange deltakarar blanda erfaringar med reine digitale løysingar, ettersom tillit, relasjonsbygging og alliansar er krevjande å få til digitalt, særleg for sårbare grupper. Dette talar for kombinasjonsløysingar.
Frå januar 2023 har Rehabiliteringssenteret AiR to heilt nye tilbod utvikla med tanke på å utnytte ulike digitale løysingar for å styrke dei tverrfaglege tilboda basert på fysisk oppmøte:
- Arbeidsretta rehabilitering som kombinert døgnopphald og aktiv heimeperiode med leveringsadresse Rauland
- Digitalt støtta intensiv arbeidsretta rehabilitering som dagbehandling med leveringsadresse Oslo
Tilboda er utvikla for å møte etterspurnaden frå helseforetaka etter kortare og meir intensive rehabiliteringstilbod. Kortare og meir intensive tilbod er eigna tidlegare i forløpet enn meir langvarige døgnbaserte tilbod.
Private, ideelle og kommersielle
Dei regionale helseføretaka (RHF) har ansvar for at innbyggarane i sin region får tilstrekkeleg tilgang til spesialisthelsetenester, slik dette er fastlagt i lover og forskrifter. Innan arbeidsretta rehabilitering blir desse tenestene i all hovudsak kjøpt inn frå private aktørar etter utlyst anbodskonkurranse.
Blant dei private finst både ideelle aktørar og reine kommersielle aktørar.
I fleire styringskrav og politiske plattformar dei siste åra er RHF’a pålagde å bidra til vekst i den delen av helsesektoren som blir organisert og driven som ideell verksemd. Det er endåtil høve til å prioritere slike leverandørar, og Digitaliseringsdirektoratet (Difi) har nyleg publisert ein ny tjenestespesifikk rettleiar for kjøp av helse- og omsorgstenester. Den viser kva for moglegheiter og handlingsrom offentlege oppdragsgjevarar har til å legge vekt på kvalitetar i tenestetilbodet ideelle leverandørar særleg kan bidra med.
Likevel ser me at veksten kjem for dei kommersielle. Velferdstjenesteutvalget (NOU 2020:13) slår fast at bruk av opne innkjøp i realiteten favoriserar kommersielle på kostnad av ideelle verksemder. Utgreiinga viser også konkret korleis andelen driftsinntekter for private leverandørar av spesialisthelsetenester levert etter konkurranse fordeler seg mellom ulike typar aktørar. Ideelle aktørar har fått sin andel redusert med 10% i løpet av dei siste 8 åra. Utanlandske konsern sin andel har i same periode auka med 14%.
Teksten på denne sida er eit lett omarbeidd utdrag av eit kapittel i den komande læreboka om arbeidsretta rehabilitering.