PRESSEMELDING

13. mars vart all aktivitet i klinikken ved Rehabiliteringssenteret AiR lagt ned. Dette skjedde etter klare nasjonale og lokale føringar. Omlag 85 tilsette vart heilt eller delvis permittert. 

No har kommuneoverlegen i Vinje gjeve Rehabiliteringssenteret AiR klarsignal for gradvis oppstart av klinisk drift. Dette er i tråd med råd frå Helsedirektoratet, Helse- og Omsorgsdepartementet og klarsignal frå Helse Sør-Øst. Frå onsdag 6. mai vil me difor ta imot den fyrste gruppa med deltakarar og så håpar me at drifta steg for steg vert normalisert. 

– Det var ein uverkeleg og trist dag då me måtte stenge, desto meir gledeleg er det at men no kjem i gang att, ikkje minst av omsyn til deltakarane men og sjølvsagt dei tilsette, seier direktør Svein Kostveit.

Samfunnsoppdraget til AiR er å hjelpe menneske til auka arbeidsdeltaking. Det oppdraget vil i tida som kjem verta viktigare for både einskildindivid og samfunn enn nokon gong i nyare tid. 

– I samband med oppstarten har senteret gjort store tiltak for å sikre forsvarleg og trygg drift og redusere risikoen for smittespreiing til eit minimum, seier leiar for klinikken Matias Nielsen.

Omfattande smittevernstiltak er utarbeidd i eit samarbeid mellom leiing og helsepersonell ved AiR, samhandling med mange andre helseinstitusjonar og ikkje minst gjennom dialog med både lokale og nasjonale myndighetar. 

Rauland 29. april 2020 

For meir informasjon ta kontakt med:
Svein Kostveit, direktør, tlf. 480 37 560