
Foto: Colourbox.com
Rehabiliteringssenteret AiR fylgjer Folkehelseinstituttets tilrådingar https://www.fhi.no/sv/smittsomme-sykdommer/corona/
Leiinga ved senteret og medisinsk personell vurderer kontinuerleg kva tiltak som er føremålstenlege for å sikre drifta ved senteret og at den enkelte deltakar kan vera trygg.
Fylgjande tiltak er etablert:
- Alle deltakarar ved våre rehabiliteringsprogram vert særskilt kontakta før opphaldet startar. Dette for å avklare den enkelte sin helsesituasjon, reisehistorikk og eventuell kontakt med personar med smitte.
- Senteret er stengt for vitjande som pårørande, nærståande og vener til tilsette og deltakarar.
- Det er innført restriksjonar for vitjing av andre eksterne som til dømes handverkarar og studentar. Før ein kan koma inn på senteret skal kartlegging og ei vurdering vera gjort.
- Helsebading for eksterne personar er stengt.
- Det er innført forsterka reinhald.
- Det vert påpeika for tilsette og deltakarar kor viktig det er med individuelle hygienetiltak som til dømes grundig handvask.
- Oppdatert informasjon vert fortløpande gjeven til tilsette og deltakarar.
Dersom du har spørsmål, kontakt Rehabiliteringssenteret AiR på tlf. 35 06 28 00.