Ledig stilling som kjøkenassistent, ca.  50% stilling

AiR treng deg som er ein engasjert, læreviljug og positiv person, som kan arbeide sjølvstendig og i lag med andre.

Me er landets største klinikk innan arbeidsretta rehabilitering, og målet er å hjelpe personar tilbake i arbeid gjennom tverrfagleg rehabilitering. Kjøkenet vårt er eit allsidig institusjonskjøken med spanande arbeidsoppgåver inkludert tilrettelagte diettar, og er nyleg heilrenovert.

Du må ha interesse for profesjonell kjøkendrift og helst erfaring frå matlaging. Vidare må du kunne formidle informasjon og deltaka i dialog med våre deltakarar.

Stillinga er del av ein turnus, og inneber arbeid fordelt på dagtid, kveldstid og helger.

Aktuelle kandidatar må ha funksjonell kunnskap i norsk. Personlege eigenskapar vert vektlagt.

Senteret tilbyr eit triveleg og engasjerande miljø, tilsetting i tråd med tariffavtale og gode pensjonsordningar.

Det er ynskeleg med tilsetting og opplæring snarast.

Søknadsfrist:  21. oktober 2019.

For meir informasjon, ta kontakt med kjøkkensjef Ane Killingtveit på tlf. 35 06 28 00. Last opp søknad, CV, attestar og vitnemål.