Ledig stilling som psykolog

100 % stilling

Hjå oss bidreg du til at pasientar med samansette plager og nedsett arbeidsevne får ei betre jobbhelse og auka livsmeistring.

Me har stort fokus på tverrfagleg samarbeid og du vil difor samarbeide tett med både lege, fysioterapeut, arbeidskonsulent og idrettspedagog. I samarbeid med fagteamet vil du ta deg av både individuelle konsultasjonar og undervising av deltakarar.

Me ynskjer at du har erfaring med individuelle samtaleforløp, og helst innan kognitiv metodikk. Du må ha god skriftleg framstillingsevne og bidra til å gjera andre gode gjennom god dialog.

Du vil få høve til fagleg utvikling både internt i organisasjonen og gjennom kurs, etterutdanning og spesialisering. Me tilbyr konkurransedyktige vilkår.

Me hjelper deg gjerne med å skaffe bustad, og om du er interessert i natur og friluftsliv kan dei fantastiske omgjevnadane i Vinje kommune og Vest-Telemark gje deg rike opplevingar i alle årstider.

Ser fram til å høyre frå deg!

Søknadsfrist: 10. oktober 2019

For meir informasjon, kontakt:
Leiar AiR-klinikk, psykolog Matias I.S.W. Nielsen,
tlf. 35 06 28 00, e-post: matias.i.s.w.nielsen@air.no