Rehabiliteringssenteret AiR-klinikk i Rauland og Vinje kommune søkjer no etter:

Psykologspesialist/psykolog i 100% fast stilling – med arbeidsoppgåver for både AiR-klinikk og Vinje kommune

  • Dette er ei ny og spennande stilling der du vil få arbeidsoppgåver innan både spesialisthelsetenesta og kommunehelsetenesta.
  • Stillinga kan nyttast til spesialisering innan samfunns- og allmennpsykologi.
  • Rehabiliteringssenteret AiR har arbeidsgjevaransvaret for stillinga.

AiR-klinikk
Ved Rehabiliteringssenteret AiR-klinikk er det tverrfaglege samarbeidet viktig. Saman med lege, fysioterapeut, arbeidskonsulent og idrettspedagog bidreg du til at pasientar med samansette plager og nedsett arbeidsevne får ei betre jobbhelse og auka livsmeistring. I samarbeid med fagteam vil du ta deg av både individuelle konsultasjonar og undervising av deltakarar.

Vinje kommune
Som kommunepsykolog skal du ivareta eit breitt spekter av arbeidsoppgåver som fordeler seg i fem hovudgrupper:

  • System- og samfunnsretta arbeid
  • Rettleiing og fagstøtte
  • Helsefremjande og førebyggjande arbeid
  • Lågterskel behandling og oppfølging
  • Tverrfagleg/fleirfagleg samarbeid. Eit særleg fokusområde er barn og unge.

Sidan stillinga er nyoppretta vil du, med utgangspunkt i kommunens behov og din kompetanse og interesser, få høve til å deltaka i utforminga av arbeidsoppgåvene. Det vert difor lagt stor vekt på dine personlege eigenskapar.

Me ynskjer at du har erfaring med individuelle samtaleforløp, og helst innan kognitiv metodikk. Du må ha god skriftleg framstillingsevne, like tverrfagleg arbeid og bidra til å gjera andre gode gjennom god dialog.

Elles

Du vil få gode høve til fagleg utvikling både internt i organisasjonane og gjennom kurs, etterutdanning og spesialisering, og tilbyr konkurransedyktige vilkår.

Me hjelper deg gjerne med å skaffe bustad, og om du er interessert i natur og friluftsliv vil dei fantastiske omgjevnadane i Vinje kommune og Vest-Telemark kunne gje deg rike opplevingar i alle årstider.

Me ser fram til å høyre frå deg.

Søknadsfrist 15. september 2019

For meir informasjon, kontakt:
Leiar AiR-klinikk, psykolog Matias I.S.W. Nielsen,
tlf. 35 06 28 00, e-post: matias.i.s.w.nielsen@air.no

Helse- og omsorgssjef Vinje kommune, Kari Dalen,
tlf. 478 94 710, e-post: kari.dalen@vinje.kommune.no