Overlege/lege – arbeidsretta rehabilitering
100 % fast stilling

Søknadsfrist 01.07.2019

AiR har totalt fem stillingar for legar.
Det er forskjellige spesialitetar som kan vera aktuelle for AiR. Dette kan til dømes vera fysikalsk medisin og rehabilitering, arbeidsmedisin, allmennmedisin, eller andre. Det kan vera aktuelt med lege i spesialisering (LIS) innan fysikalsk medisin og rehabilitering. Teneste ved AiR – Klinikk er også godkjent som institusjonsteneste for legar i spesialisering som allmennlegar.

I AiR – Klinikk hjelper me menneske som av ulike årsakar har falle ut eller er i fare for å falle ut av arbeidslivet. Ofte er det snakk om fysiske eller psykiske utfordringar, som regel i ein kombinasjon.
Me arbeider i team – beståande av lege, psykolog, fysioterapeut, arbeidskonsulent og idrettspedagog. Saman støttar me pasientane gjennom ein heilskapsorientert endringsprosess, der stabilisering av funksjon i arbeidslivet er målet.

Som lege bidreg du med din spisskompetanse gjennom klinisk praksis, og i tverrfaglege vurderingar saman med dei andre profesjonane. Du vil også delta i systematisk fagleg utvikling saman med medarbeidarane dine, noko som har stor prioritet i klinikken.

Arbeid- og ansvarsområde:

Bidra til å styrke ressursar og moglegeheiter for personar med samansette plager og nedsatt arbeidsevne gjennom:

  • Individuelle konsultasjonar og rettleiing
  • Medisinske vurderingar
  • Søknadsvurdering
  • Fortløpande journal- og epikrisearbeid
  • Undervising
  • Tverrfagleg sparring og samarbeid

Faglege kvalifikasjonar:

  • Gode kommunikasjons- og samarbeidsevne
  • Blikk for tverrfaglege funksjonsvurderingar
  • Interesse for undervising og gruppeprosessar
  • Teamspelar som kan gjera andre gode gjennom konstruktiv fagleg dialog
  • God skriftleg framstillingsevne
  • Erfaring med fagområdet er ei føremon, men ikkje eit krav
  • Personlege eigenskaparblir vektlagt.

Me tilbyr:

  • Konkurransedyktige løns- og pensjonsvilkår
  • Arbeidstid mellom kl. 08.00 og 15.30 på kvardagar
  • Innhaldsrike og gjevande arbeidsdagar
  • Fagleg utvikling både internt i huset og gjennom eksterne kurs og etterutdanning
  • Topp arbeidsmiljø
  • Fantastisk natur og omgjevnader
  • Hjelp til å skaffe møblert bustad

For meir informasjon, kontakt fung. klinikkleiar, Jon Hovda, tlf. +47 35 06 28 00 eller e-post: jon.hovda@air.no

Send inn søknad