Ta styring i eige liv

Mange synest det er vanskeleg å involvere arbeidsgjevaren når dei slit med helsa. Men om du klarer å snakke med leiaren din, kan det bety mykje for kor raskt du klarer å koma tilbake i ein god jobb- og livssituasjon.

Snakk saman
For deltakarane på AiR kan arbeidskonsulenten vera ein god støttespelar og rettleiar for å skape betre kontakt med arbeidsgjevar:
– Nokre arbeidsgjevarar er svært engasjerte i den sjuke eller sjukemelde sin prosess, medan andre er meir fråverande. Dårleg eller mangelfull kommunikasjon mellom arbeidstakar og arbeidsgjevar kan fort gje rom for feiltolkingar og misforståingar. Det er viktig at me tør å stille oppklarande spørsmål og utfordre både deltakar og arbeidsplass til dialog for å gjera situasjonen lettare for båe partar, seier arbeidskonsulent Hilde Rinden ved AiR.

Kva er det eigentlege problemet?
Eit opphald på AiR gjev rom for refleksjon over eige liv, slik at våre detakarar kan finne ut kva som gjev energi og kva som tek energi. I ein slik erkjenningsprosess kan ein oppdage at ein bør bytte yrke eller arbeidsplass. Det kan opplevast skummelt.
– Me styrkar meistringstrua ved å fokusere på ressursane i deltakaren slik at dei skal klare å gjennomføre dei endringane som er nødvendige. Det er viktig at me styrker, men også ansvarlegegjer deltakaren til å ta styring over eigne val, seier Hilde.
I løpet av opphaldet utarbeider alle deltakarar sin eigen plan med kortsiktige og langsiktige mål og konkrete tiltak til korleis dei skal få det betre – både i jobb og privatliv.