I samband med 30-årsjubileet til Rehabiliteringssenteret AiR, arrangerte AiR-klinikk eit fagseminar onsdag 24. august. Heildagsseminaret blei leia av psykolog Filip Myhre der temaet var somatisering og fysiske symptomer med psykologiske drivarar. Fagseminaret gav ei teoretisk innføring i forklaringsmodellar for somatiseringstilstandar, med videoopptak av reelle undersøkingar. Tilbakemeldingane frå deltakarane var udelt positive. Det vart poengert at temaet er svært relevant for praksis og at dette er noko som kan brukast i ein praktiserande kvardag. Fleire av deltakarane var ukjende med behandlingsforma og ynskte difor å lære mer.