Søk plass på våre rehabiliteringsopphald
Personar frå heile landet kan søke om plass på våre program. Fyll ut søknaden i samarbeid med fastlege eller anna helsepersonell. Helsepersonellet sender denne vidare til Regional koordinerende enhet (RKE) som handsamar søknaden og formidlar vidare til AiR-klinikk.
Du betalar ingen eigenandel for eit opphald på AiR-klinikk.
Nyttig info for deg som har fått plass på AiR-klinikk
Viktige kriterie for vurdering av søknad
- helsesituasjonen til pasienten må vere greia ut tilstrekkeleg
- eit opphald hjå oss skal vere ein del av ein tiltaksplan der yrkesaktivitet er eit overordna mål
- vårt døgnbaserte opphald kan vere nyttig der det lokalt ikkje er eit godt nok heilskapleg tilbod som kan styrke funksjon og arbeidshelse – eller der lokale tiltak er prøvd ut, utan at helsa har blitt god nok for å koma i arbeid
Om du har spørsmål, ta kontakt med helsesekretær på telefon 35 06 28 00, eller send e-post til post@air.no.
Henvisning
Søknadar frå fastlegar og privatpraktiserande avtalespesialistar skal sendast elektronisk via Regional koordinerende enhet (RKE) – ikkje direkte til AiR-klinikk.
Bruk Adresseregisteret i Norsk helsenett. Når du søkjer i adresseregisteret skriv: «Regional vurderingsenhet». Då finn du vurderingseiningane i dei fire helseregionane. Merk henvisninga med Rehabiliteringssenteret AiR AS og type opphald.
Frå Helse Sør-Øst sender ein henvisninga til adressa: Regional vurderingsenhet (Rehabilitering) innunder verksemda Sunnaas sykehus HF. Søknadar frå andre regionar sendast til vurderingseininga i den aktuelle regionen. Sjå henvisningsguide hos RKE.
Utover obligatorisk informasjon skriv kort om følgande:
• Pasientens motivasjon for arbeid og forventning om å komme tilbake
• Tilsettingsforhold
• Arbeidshistorikk som har betydning for plager
• Eventuelle negative livshendinger av betydning for helse og arbeidsevne
• Plagene til pasienten
• Varighet for sjukemelding og gradering
• Arbeidsoppgåver eller stillingstype
• Sosiale forhold
• Utreiingar som er gjort med betydning for opphaldet, av nyare dato
• Tiltak som er forsøkt
• Relevante medisinar
• Planer om vidare oppfølging
Søknadar direkte frå spesialisthelsetjenesta skal sendast direkte til AiR-klinikk (bruk skjema i link under).
Søknadsskjema word
Søknadsskjema PDF
Om elektronisk henvisning ikkje fungerar kan ein sende utfylt papirskjema til vurderingseininga i den aktuelle helseregionen (bruk skjema i link over).